Nominert til Årets bibliotek 2023: Samnanger folkebibliotek

11. januar 2024 avslører vi kven som blir Årets bibliotek 2023. Fram mot kåringa skal dei nominerte biblioteka få presentere seg.

Samnanger folkebibliotek i Vestland er eit av dei fem nominerte til Årets bibliotek 2023.

Biblioteksjef Merethe Gauden fortel her om korleis det er å bli nominert til Årets bibliotek, og kva dei har gjort det siste året:

– Det er ei stor ære å bli nominert til Årets bibliotek. Eg vart kjempeglad, og gjengen rundt meg jublar. Dette hadde me verkeleg ikkje forventa, men når me ser lista over nominerte så tenkjer me at det er vel fortent, og at Samnanger folkebibliotek allereie er vinnar, berre ved å stå på lista.

Bibliotekassistent Lisbeth Fanebust, biblioteksjef Merethe Gauden, frisklivskoordinator Rikke Gjerde Reistad og Olena Trusova.

Me ser at biblioteket er vorte ein møtestad som gjer godt, som inkluderer og gjev livsmot.  Alt dette er aktivitet som publikum i første omgang ikkje nett såg for seg, for dette visste dei ikkje at eit bibliotek kunne vera. 

Me er eit JA-bibliotek i eitt og alt. Stadig opplever me at einkvan kjem inn og lurer forsiktig på om det eller det kan vera noko å gjera i biblioteket. Me svarar ja, deretter tenkjer me og handlar. Alt er mogleg hjå oss.

Samarbeid med Friskliv- og frivilligsentral

– Me er stolte og glade kvar dag!  Det me er aller mest stolt av er at biblioteket i 2017 vart flytta frå eit lite og ekskluderande kjellarlokale, 2. underetasje utan heis,  til eit stort og inkluderande lokale med stor takhøgd og ingen terskel. Her driv me Bibliotek og Friskliv- og frivilligsentral, og Utstyrsbank som innbyggarane bruker,- til dei grader! Utstyrsbanken gjer at me kan hjelpa til med å utjamna ulikheiter ved å låna ut alt frå ski og telt til Kajakk og metalldetektor.

Karalag på biblioteket

– Alt me gjer i biblioteket er i nært samarbeid med Samnanger Friskliv- og frivilligsentral.  Dei frivillige har fått mykje støtte, og har hatt gåande prosjektet «Samning i syssel», der målet vårt ha vore å sysselsette alle samningar, frå yngste til eldste.

Dette har me gjort ved å laga til aktivitetar for alle;  frå barnehagebesøk og førestillingar for småborn, til arrangement for ungdom,  Paintball, båtførarprøve og ernæringsforedrag, og mykje meir. Biblioteket er base for desse tilstellingane, og lokala vert nytta så sant aktiviteten tilllet det. I november vart me einige med ein ungdomsgjeng som vil starta Filmklubb. 

– Nytt av året er faste treningskveldar med HADO, t-sport, digital sport for alle aldrar. Digihjelpa – kurs for seniorar i bruk av digitale verkty har vore godt besøkt kvar veke heile året. 

Barnehagebesøk i biblioteket

Arrangement om modige unge

Det sterkaste me har opplevd  i år er to arrangement med særs modige unge. FLUKTA frå landsbygda, om skeive før og no, og om det å flytta/flykta til storbyen, i samarbeid med lokal Pride. Engasjerte lokale ungdomar opna seg på finaste vis. FLUKTA frå Afghanistan og Ukraina; me fekk besøk av ein ung mann som flykta åleine frå Afghanistan som 13-åring. No er han 22, og fortalde ærleg og djupt gripane om si reise.  Er det mogleg å vera så modig? 

Me har prøvd oss på digital litteraturgruppe (streaming frå Nasjonalbiblioteket) og på open lesesirkel i biblioteket. Biblioteket har også vore base for ungdom som har hatt sommarjobb i år, gjennom frivilligsentralen  og prosjektet «Minnerik sommar i Samnanger». Me har og godt samarbeid med eldreråd om større arrangement.

Inkludering og trening

Me er opptekne av å inkludera. Me nyt godt av Ukrainar i språkpraksis, språktreff i samarbeid med NAV/flyktningkoordinator og frivillige. Me har satt mykje inn på å ha opne, faste, arrangement som Karalag, Sy, strikk og skravl, Småbarnstreff og Språktreff. I tillegg er me kjempestolte over å drifta fem ulike treningsøkter kvar veke.

– Ved nyttår 2023 vart me eit meirope-bibliotek, til stor respons frå publikum, og på desse 12 månadane har det vorte signert ca. 130 kontraktar, av 2500 menneske som bur i Samnanger er dette fantastisk!

Til slutt det viktige og store. Folk kjem innom av ingen grunn, dei sit her, møtest, les avisa, tilbringer tid her medan minsten bit i ei bok og den store puslar eller spelar ludo. DET kunne ikkje skje på gamlebiblioteket. Altså: Samnanger er ein vinnar på alle måtar, uansett.
Motto: Sei ja, og berre gjer det, alt går an og alle er velkomne!

Samnanger bibliotek

Sterke kandidater til Årets bibliotek 2023

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!