Ytringsfridom og demokrati

Kunnskap er viktig for å kunne heve røysta i offentlegheita. Biblioteka har ei viktig rolle i gjere dette mogleg for alle, og skal vera ei motkraft mot falske nyhende for å kunne bidra til gode ordskifte.

Vi mener

  • Folkebiblioteka skal vera ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt.
  • Ytringsfridommen skal verne dei institusjonane som formidlar andre sine ytringar – og biblioteka har ei plikt til å ha samlingar med stor breidd i ytringane.
  • Ytringsfridom og demokrati er viktige verdiar for biblioteka.

Å bidra til opplyste menneske 

Idéen om bibliotek med opne hyller og gratis tilgang kjem frå USA. Eit nytt samfunn med sjølvstendige borgarar trong bibliotek som bidrog til danning og opplysing. Dette er framleis den berande idéen bak biblioteka: Å bidra til opplyste menneske med lik tilgang til kunnskap. 

Ytringsfridom – ein menneskerett 

Heilt sidan slutten av av 1700-talet har ytringsfridom vore oppfatta som ein menneskerett. Han vart teken inn i FNs menneskerettserklæring frå 1948. I Noreg er ytringsfridommen verna etter paragraf 100 i Grunnlova. 

Vernet av ytringsfridommen har tre grunngivingar: 

  • Ytringsfridommen er naudsynt når menneska søkjer etter sanning. Berre ved fri meiningsutveksling kan vi komme nærmare sanninga.
  • Ytringsfridommen er naudsynt for fridommen og sjølvstendet til enkeltmennesket. Kvart einskilt menneske har fridom til å dele og ta i mot andre sine tankar.
  • Ytringsfridommen er naudsynt for demokrati. Utan fri meiningsutveksling, kan ikkje folk danne eigne meiningar og vere informerte menneske som skal røyste ved val.

Desse tre grunngivingane har vore viktige argument for å satse på bibliotek – historisk og i dag. Tilgangen til kunnskap er framleis like ulik som då biblioteka vart etablerte. I dag handlar det ikkje berre om å kunne låne bøker, men òg å få tilgang til digitale ressursar og open tilgang til forsking. 

Kven skal få ytre seg? 

Ytringsfridommen omfattar òg retten til å motta andre sine ytringar – noko vi kallar informasjonsfridom. I samlingane sine skal biblioteka spegle ei breidd i ytringar, og biblioteka må ikkje late seg presse til å gjere andre sine ytringar utilgjengelege. Gjennom tidene har vi sett mange forsøk på å få fjerna eller hindra at somme bøker blir tilgjengelege i biblioteka. 

I dei seinare åra har diskusjonane ofte handla om kven som får lov til å ytre seg gjennom arrangement i biblioteka. Det har ført til mange debattar. Ytringsfridommen er nemleg ikkje absolutt. Nokre grenser finst, som til dømes forbod mot truslar og ærekrenkingar, trakassering og pornografiske, diskriminerande eller hatefulle utsegner. Det kan ofte bli ei avveging av omsyn, der nokon sin rett til å ytre seg, set grenser for andre sin rett til å kjenne seg trygge i biblioteket.