Nominert til Årets bibliotek 2023: Biblioteket på Årstad vidaregåande skule

11. januar 2024 avslører vi kven som blir Årets bibliotek 2023. Fram mot kåringa skal dei nominerte biblioteka få presentere seg.

Biblioteket på Årstad vidaregåande skule i Bergen er eit av dei fem nominerte til Årets bibliotek 2023. Bibliotekar David Kvamme Høvik fortel her om korleis det er å bli nominert til Årets bibliotek, og kva dei har gjort det siste året:

– For oss som jobbar på biblioteket er det utruleg kjekt å sjå at folk legg merke til arbeidet vårt. Vi opplever at leiinga satsar på skulebiblioteket og no ser vi at det gjev utteljing.

Årstad er ein hovudsakleg yrkesfagleg skule som er gode på praktisk opplæring, men vi ynskjer òg å vere ein skule med god lesekultur. Det er ein prosess vi er i no, og vi ser på denne nominasjonen som eit teikn på at vi er på rett veg.

Bibliotekarar Torhild Jordal og Daniel Kvamme Høvik

Vi er stolte av at vi klarar å oppretthalde fleire leseprosjekt på ein hovudsakleg yrkesfagleg skule med rundt 900 elevar.

Leseaksjon, bokklubb og podkast

Leseaksjonen har vore ein suksess i år òg med mange utlånte bøker og lesing tjue minutt kvar dag. Vi har fått gode tilbakemeldingar på prosjektet frå både foreldre, elevar og lærarar.

I år har vi starta bokpodkasten «Årstad leser» og ein bokklubb på skulebiblioteket som heiter «Bokhavet».

«Årstad leser» er ein podkast der ein elev anbefaler ei bok hen har lese til litteraturformidlar David. David les boka og så snakkar David og eleven om boka i podkasten. Det har vore eit veldig givande og kjekt prosjekt for både elevane og David.

Podkasten gjev oss rom til å snakke om boka spesifikt og livet meir generelt. I tillegg gjev podkasten ein plattform til unge stemmer som kanskje manglar i samtalen om bøker. I overordna del av læreplanen står det at elevmedverknad må prege praksisen i skulen. Det opplever vi at Årstad leser bidreg til.

– Bokhavet bokklubb har rundt tjue elevar som møtest éin gong i månaden. Vi deler bokklubben opp i mindre grupper som les same bok. Det er delvis av økonomiske omsyn og delvis fordi elevane har ulike interesser. 

– David legg fram bøker på slutten av bokklubben som elevane kan velje å lese til neste gong, men nokre av elevane har eigne ynskje òg. Kvar gong les David ei bok som alle kan vere med på å lese. Det sikrar at alle kan ha ein trygg person å vere i gruppe med uansett om ein kjenner nokon frå før eller ikkje.  

Bokhavet bokklubb

Litteraturprisen Gullkroken

– Vg3-elevane våre er i gang med å lese dei fem bøkene som er nominerte til litteraturprisen vår Gullkroken. Gullkroken er eit samarbeid med Litteraturhuset i Bergen og Bergen internasjonale litteraturfestival. Det er eit samarbeid som har fungert svært godt og som har gitt prosjektet ei fin ramme.

Det viktigaste med prisen er likevel at den verker sosialt utjamnande. Elevane har ulik sosial bakgrunn, men her får alle ein sjanse til å bli del av eit kulturelt miljø som elles kan vere vanskeleg å bli med i.

– I år er det ein lektorstudent som skriv masteroppgåve om litteraturprisen og det blir veldig spennande å sjå kva ho finn ut av

Biblioteket på Årstad videregåande skule

Sterke kandidater til Årets bibliotek 2023

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!