Årstad er Årets bibliotek 2023

Bibliotekarane på Årstad: Daniel Kvamme Høvik og Torhild Jordal


Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule i Bergen er tildelt prisen Årets bibliotek for innsatsen sin for å skape ein lesekultur på skulen, og for å vere eit førebilete for andre skulebibliotek.

– Vi er utruleg stolte og glade for å få prisen. Dette er inspirasjon til vidare arbeid, seier bibliotekar ved Årstad, David Kvamme Høvik.

Prisen vart delt ut av leiar for Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Hege Bae Nyholt (Raudt) under eit arrangement på Deichman Grünerløkka 11. januar.

Årstad vidaregåande skule har om lag 900 elevar og har stort sett yrkesfaglege studieretningar. Biblioteket satsar offensivt for å skape ein lesekultur på skulen. Dei har leseaksjon, bokpodkasten «Årstad les», bokklubben «Bokhavet» og litteraturprisen «Gullkroken». Det siste i samarbeid med Litteraturhuset i Bergen og Bergen internasjonale litteraturfestival.

Bibliotekar David Kvamme Høvik

Mykje av arbeidet dei gjer verkar også sosialt utjamnande. Elevane på skulen har ulik sosial bakgrunn, men her får alle ein sjanse til å bli med i eit kulturelt miljø som det elles kan vere vanskeleg å ta del i.


– Det har nyleg komme nedslåande resultat frå internasjonale leseundersøkingar som viser sviktande leseevne og interesse for lesing blant barn og unge. Derfor er det det gledeleg å sjå at biblioteket på Årstad med den aktive formidlinga si klarer å skape entusiasme for lesing og litteratur blant ungdom. Biblioteket er ein verdig vinnar av Årets bibliotek 2023, seier leiar for juryen Vidar Lund.

– Dette er også ein pris til ein skule som brukar biblioteket sitt som ein viktig aktør for dialog, gode relasjonar og elevaktive læringsformer, avsluttar Lund.

Prisvinnaren fekk eit grafisk trykk, og får låne Brageprisen som vart tildelt folkebiblioteka kollektivt i 2013.



Les meir om biblioteket på Årstad vidaregåande skule

Nominert til Årets bibliotek 2023:

  • Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule
  • Sør-Varanger bibliotek
  • Samnanger folkebibliotek
  • Fagbiblioteket på Sjukehuset i Vestfold
  • Lillestrømbibliotekene.


Les meir om Årets bibliotek 2023 her

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!