Vidar Lund gjenvald som leiar i Norsk Bibliotekforening

Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening
Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening. Foto: Norsk Bibliotekforening.

Vidar Lund (48) frå Levanger vart gjenvald som leiar i Norsk Bibliotekforening på landsmøtet 25. mars. – Eg ser fram til ein ny periode i noko som kan bli ein avgjerande periode for biblioteka, seier den gjenvalde leiaren. – I år kjem det ei ny boklov, bibliotekstrategien skal reviderast og det skal kome ein ny leselyststrategi. Da er det viktig for heile samfunnet at biblioteka framleis får utføre oppdraget sitt med å gi tilgang til og formidle litteratur, kunnskap og informasjon både fysisk og digitalt understrekar han.

Landsmøtet vedtok tre resolusjonar som peikar på viktige tema for biblioteka framover. Ein peikar på at biblioteka må ha rett til å formidle og låne ut litteratur i alle format. Biblioteka må òg ha rett til å drive høgtlesing i det fysiske rommet. Til sist vedtok landsmøtet ein resolusjon som understrekar biblioteksjefen sin rett til å vurdere kva som er relevante arrangement i bibliotekrommet.

– Dei tre resolusjonane understrekar at biblioteka må ta og få ein viktig plass i brytningstida mellom den fysiske og digitale formidlinga av kunnskap og kultur, og at det er viktig at biblioteka er uavhengige aktørar på vegner av dei som bur i lokalsamfunnet eller går på skulen eller universitetet, seier Lund.

Landsmøtet avslutta fire dagar der over 500 bibliotekarar og andre bibliotekentusiastar har vore samla på Bibliotekmøtet 2022. Det har vore samtalar, debattar, utstillingar og foredrag for heile breidda av moderne bibliotekutvikling.

Elles i styret vart Helene Voldner frå Oslo valt som nestleiar. Resten av styret er Heidi Hovemoen (Viken), Birgithe Schumann-Olsen (Innlandet), Karianne A. Aam (Innlandet), Trud Berg (Nordland) og Terje Håkstad (Troms og Finnmark). Varamedlemene er Nisrin Maktabi Barkouki (Oslo), Tina Halkinrud (Viken) og Mari Hopland (Viken).

Hovedstyret Norsk bibliotekforening

Landsmøteuttalelser 2022


1.    Norsk Bibliotekforening meiner at biblioteka må ha fri tilgang til å bruke tekstar til høgtlesing ved gratis litteraturformidling.

Alle tener på at litteraturen blir tilgjengelig for flest mogleg og at interessa for litteratur aukar. Landsmøtet i Norsk Bibliotekforening ber opphavarorganisasjonane og Kulturdepartementet om å finne løysingar som gir biblioteka fri tilgang til å bruke tekstar til høgtlesing i det fysiske rom.

2.    Norsk Bibliotekforening mener at bibliotekene må ha rett til å formidle og låne ut litteratur i alle formater.

Norsk bibliotekforening mener Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet nå må ta tak i denne saken slik at biblioteksektoren, sammen med forfatterforeningene og forlagene, kan få til en bedre modell for kjøp og utlån av lydbøker.

3.    Norsk Bibliotekforening mener at folkebibliotekenes uavhengighet er viktig for demokratiet.

Å være uavhengig betyr at ingen kan legge føringer på aktiviteter ved folkebiblioteket eller innholdet i folkebibliotekets program. Folkebibliotekene bestemmer selv hvilke aktiviteter og arrangementer det skal legges til rette for i bibliotekets lokaler, sett i lys av bibliotekets prioriteringer

Landsmøteuttalelser 2022

Prinsipprogram 2022-2024

Handlingsplan 2022-2024

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!