– Skuffande bibliotek- og litteraturbudsjett

– Budsjetta til Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet seier mykje bra om å satse på bibliotek og bøker i teksten, men når det kjem til pengar er det lite satsing seier Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening.

Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening
Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening

– Så langt ber regjeringa si leselystsatsing sterkt preg av å vera ei grunnskulesatsing, meiner Vidar Lund. – Det må kraftigare tiltak på bordet om ein verkeleg ønskjer ei breiare lesesatsing. Vi krev at den komande leselyststrategien må koma med pengar til fleire og større konkrete tiltak for heile bibliotek- og litteraturfeltet. Dette budsjettet vil ikkje bidra til strukturelle grep for å styrkje lesinga, seier Vidar Lund.

Statsbudsjettet gir til saman 5 millionar til innkjøpsordninga for grunnskulebibliotek, 5 millionar til utvikling i grunnskulebibliotek, 2 millionar kroner til teikneseriar i innkjøpsordningane for folke- og grunnskulebibliotek og 2,5 millionar kroner til prosjekttilskot i skulane. – Dette er småpengar, til dømes vil prosjekttilskotet utgjera i gjennomsnitt 1000 kr per skule avsluttar Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening.

For meir kommentar:
Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening, tlf. 40211624.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!