Arendalsuka 2023: Tilstanden i norske skulebibliotek

  • Dato: 15. august 2023
  • Tid: 15:30-16:30
  • Sted: Arendal bibliotek

Det finst store skilnader på kva skulebibliotektilbod elevane får. Stortinget har nyleg vedteke ny opplæringslov der tilgang til skulebibliotek er lovfesta. Til hausten skal forskriftene lagast. Kva kan elevane forvente seg av skulebiblioteket sitt i nærmaste framtid?

Skulebibliotek er ei av dei viktigaste arenane for auka lesekompetanse blant barn og unge, og bidreg til å byggje lesekultur i elevane som kan vare livet ut. Skulebibliotek er også sentrale i arbeidet med å jamne ut sosiale skilnader blant elevane. Korfor satsast det ikkje meir når alle synest skulebibliotek er viktig?

I panelet:

  • Hege Bae Nyholt, Stortingsrepresentant og leiar av utdannings- og forskningskomiteen, Rødt
  • Marte Gerhardsen, Utdanningsdirektør, Oslo kommune
  • Veronicha Angell Bergli, Medlem av styringsgruppa, Aksjon skolebibliotek
  • Kjetil Glimsdal, Rektor, Landvik skole i Grimstad
  • Ordstyrar Ingeborg Eidsvåg Fredwall, Universitetslektor, Institutt for nordisk og mediefag, Universitetet i Agder

Arrangørar: Aksjon skolebibliotek, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Bibliotekarforbundet, Norsk Bibliotekforening, Fagforbundet, Leser søker bok

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!