Nominer din favoritt!

Kva for eit bibliotek blir Årets bibliotek 2026? No har du høve til å nominera kandidatar.

Årets bibliotek 2025: Skjåk folkebibliotek

Alle typar bibliotek kan bli kåra til Årets bibliotek, og alle har høve til å melde inn kandidatar.

Det kan vere kva slags bibliotek som helst! Folkebibliotek, skulebibliotek, universitetsbibliotek, høgskulebibliotek, bedriftsbibliotek, bibliotekbuss – alle kan nominerast. Du kan også nominere din eigen arbeidsplass.

Prisen blir tildelt eit bibliotek som dei siste åra har utmerkt seg gjennom nyskaping, brukt nye idear eller utmerkt seg gjennom eit særleg godt og effektivt samarbeid med brukarar og eller eigarar av biblioteket. God tilgjengelegheit og ressursutnytting er også kriterium for prisen.

Legg inn forslaget ditt i skjemaet her.

Fristen for å komma med forslag er 15. oktober 2026!

Sjølve prisutdelinga blir på Deichman Grünerløkka 14. januar 2027. Arrangementet er ope for alle.

Les meir om kåringa og kven som tidlegare har fått prisen her.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!

Meld deg på nyhetsbrev