Positiv til auka lesesatsing

– Det er veldig positivt at regjeringa aukar satsinga på litteraturformidling i statsbudsjettet. Det seier Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening. – Med auka støtte til både lesetiltak i folkebiblioteka og skulebiblioteka og styrking av Leser søker bok, Foreningen !Les, Norsk Barnebokinstitutt og Norsk Bibliotekforening kjem regjeringa i gang med leselystsatsinga allereie i 2023.

Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening
– Vi har store forventningar til arbeidet med leselystsatsinga som Hurdalsplattforma lovar, og budsjettframlegget styrkjer håpet om å få ei varig satsing på leselyst, seier Lund.

Det aller meste av biblioteka sitt arbeid skjer lokalt, i kommunar, skular og i høgre utdanning. Difor er det bra at regjeringa styrkjer tilskotsordningane for både skulebibliotek og folkebibliotek i året som kjem. Det vil bidra til å oppretthalde eller styrkje biblioteka i kommunane ved at det blir lettare å få prosjekttilskot. Samstundes burde innkjøpsordningane òg vore styrka, særleg sakprosa og teikneseriar treng eit løft.

Norsk Bibliotekforening vil bidra i arbeidet med å få til ei leselystsatsing med biblioteka i ei sentral og styrka rolle for litteraturformidlinga i heile landet.

Av andre biblioteksaker er det verdt å merke seg at Helsebiblioteket får god omtale som ei viktig teneste for heile helsesektoren, men ingen konkrete lovnader om midlar. Tilbodet har gått kraftig ned dei siste åra, og det er grunn til å vera uroleg for kva som skjer når Folkehelseinstituttet må kuttast.

Lenkjer til statsbudsjettet:
Kulturdepartementet, post 80 (tilskot under Nasjonalbiblioteket)
Kunnskapsdepartementet, kap. 226 (Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa)
Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 745 (Folkehelseinstituttet)

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!

"*" indicates required fields