Ny statistikkløysing gir betre innsikt i kva Noreg les

Styringsgruppa for den nye statistikkløysinga. Frå venstre: Elizabeth Sellevold, Tone Løyland, prosjektleiar Kevin Gulliksen Berghagen, Helene Voldner, Nina Stenbro, Bjørgulv Vinje Borgundvaag og Grete Stuevold Madsbakken. – Foto: Bokbasen

Tekst: Nina Bræin, presseansvarlig, Nasjonalbiblioteket

Ei ny nasjonal statistikkløysing for utlån i folkebiblioteka er no tilgjengeleg for alle. For første gong blir det mogleg å sjå kva for enkelttitlar som til kvar tid blir lånte gjennom norske folkebibliotek.

– Dette gir oss kunnskap vi ikkje har hatt tidlegare, seier avdelingsdirektør for bibliotektenester ved Nasjonalbiblioteket, Grete Stuevold Madsbakken.

– Når vi kan sjå utlånet på tittelnivå og setje det i samanheng med annan statistikk frå bokbransjen, får vi eit langt meir heilskapleg bilete av kva vi faktisk les i Noreg. Vi får også eit langt sterkare kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling av tenester, tilbod og bibliotekpolitikk.

Den nye statistikkløysinga kjem i tillegg til den årlege bibliotekstatistikken, som blir offentleggjord i neste veke, og gir løpande oversikt over kva titlar som blir lånte. Dette gjer det enklare å følgje med på korleis utlånet utviklar seg gjennom året.

Medan ein tidlegare måtte kontakte kvart enkelt bibliotek for å få tilgang til desse utlånstala, blir det no mogleg å sjå utlånet på nasjonalt nivå og samanlikne utviklinga på tvers av bibliotek og fylke.

Alle vil få tilgang til den opne løysinga som er lagd ut på nettsidene til Bokbasen.

Biblioteka vil dessutan få tilgang til ei utvida løysing, der dei får detaljerte data om eigne utlån og høve til å samanlikne dei med nasjonale tal og utlånet i andre fylke.

Kva kan statistikken vise?

Med den nye løysinga blir det mogleg å sjå kva bøker som var mest lånte den siste veka eller månaden, om kvinner og menn låner dei same bøkene, kor stor del av utlånet som er på engelsk, kor mange ulike titlar som faktisk er i bruk, og om topplistene ser ulike ut i ulike fylke.

Statistikken byggjer på tal frå 340 kommunar og omfattar utlån av fysiske medium gjennom folkebiblioteka. I første omgang vil løysinga ikkje innehalde historiske data. Dei vil byggje seg opp etter kvart som statistikken blir samla inn, frå og med lanseringa i veke 24.

Eit betre kunnskapsgrunnlag

– Formålet med den nye statistikken er å styrkje kunnskapsgrunnlaget for heile økosystemet rundt litteratur og bibliotek. Dette vil vere av stor nytte for både bibliotek, forlag, myndigheiter og interesseorganisasjonar, seier Grete Stuevold Madsbakken.

Biblioteka formidlar ei stor breidd av litteratur som ikkje nødvendigvis blir fanga opp i salstal og andre målingar. Statistikken kan derfor gi ny kunnskap om lesemønster, litteraturbruk og utviklingstrekk over tid. Han vil òg kunne gi større innsikt i korleis ulike lesefremjande tiltak og litteraturpolitiske verkemiddel verkar i praksis.

Løysinga kan mellom anna brukast til å undersøkje kva barn og unge les, følgje utviklinga innanfor ulike sjangrar og språk, og sjå korleis større hendingar påverkar utlånet ved biblioteka. Målet er at løysinga etter kvart skal omfatte fleire bibliotektypar og fleire format.

Utvikla i samarbeid

Statistikkløysinga er utvikla gjennom eit samarbeid mellom biblioteksektoren og bokbransjen. Arbeidet blir leia av ei styringsgruppe med representantar frå Bokbasen, Nasjonalbiblioteket, fylkesbiblioteka, Norsk bibliotekforening, Forleggerforeningen og Vigmostad & Bjørke.

– Dette er eit godt døme på kva vi får til når sentrale aktørar samarbeider om felles utfordringar. Målet har vore å utvikle ei løysing som gir verdi for heile feltet, seier samfunnskontakt i Forleggerforeningen, Bjørgulv Vinje Borgundvaag.

Den tekniske løysinga er utvikla av Bokbasen og finansiert i samarbeid med Nasjonalbiblioteket. Det er Bokbasen som driftar og vidareutviklar statistikkløysinga.

Bokbasen statistikk finner du her.

Pressemeldingen ble først publisert på Nasjonalbiblioteket.no.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!

Meld deg på nyhetsbrev