Norsk bibliotekforeining sitt arkiv

Norsk bibliotekforeining har levert historia si til Arkivverket. Den viser at foreininga har vore leiande i utviklinga av bibliotekfeltet sidan 1913.

Norsk bibliotekforeining vart stifta i 1913, og har vore leiande i utviklinga av bibliotekfeltet i Noreg gjennom desse åra. Då foreininga flytta til nye kontorlokale i februar 2023, var det på tide å få orden på arkivet. Målet var å få ordna og registrert arkivet profesjonelt, og avlevert til Arkivverket. Jobben ble gjort av Papriarkivet ved Paul Sporsheim.

Kulturdirektoratet har bidrege økonomisk til at foreininga fekk gjennomført arkivprosjektet.

I juni 2024 vart arkivet, med regionale avdelingar, levert til Arkivverket. Arbeidet med plassering i hylle og ferdigstilling av katalog, vil skje i nær framtid og den ferdige katalogen vil bli publisert på Arkivportalen.no. Ved å gjera arkivet tilgjengeleg blir ein viktig del av norsk bibliotekhistorie tilgjengeleg.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!