Nominert til Årets bibliotek 2025: Skjåk folkebibliotek
15. januar 2026 blir vinnaren av Årets bibliotek 2025 avslørt. Fram mot kåringa får dei nominerte biblioteka høve til å presentere seg. Eitt av desse fem er Skjåk folkebibliotek – eit lite bibliotek med små ressursar, men som er svært kreative og utnyttar ressursane til det fulle. Dette er ein aktiv møteplass for folk i kommunen. Sigrun Eide er biblioteksleiar ved Skjåk folkebibliotek og er svært stolt over å bli nominert.

Dei tilsette ved Skjåk folkebibliotek
Korleis er det å vera ein av dei fem som er nominerte til Årets bibliotek?
Vi kjenner oss djupt æra og stolte over å bli nominert til ‘Årets bibliotek’. Det er ei stadfesting på at vi gjer ein bra jobb. Stadig fleire finn vegen til biblioteket og kjenner tilhøyrigheit her.

Koonstanse og Alfred har sikra seg fleira bøker til sommarles.
Har de gjort noko nytt i 2025?
Eit populært initiativ er SOLfestivalen i mars, ei veke full av kulturelle arrangement som feirar at sola kjem attende over fjella. I 2025 vart Frøbiblioteket opna, barnehagebarn laga SOLutstilling, ei fotoutstilling som markerte utvandrarjubileet. Programmet inkluderte også teater for dei minste, ein konsert med folkemusikk ved lokale spelemenn, eit inspirerande foredrag med Maria Berg Hestad og familiesongstund med Camilla Granlien.

Frå opninga av Frøbiblioteket.
Hausten har mellom anna bydd på “Strikk og lytt” med høgtlesing av dei tilsette, og “Smakfull kveld på biblioteket”, der lokale matentusiastar delte kunnskap om tradisjonsmat.

Matentusiaster fra Skjåk.
Kva er de stolte av å ha fått til?
Biblioteket er ein varm og imøtekomande arena med gode soner og gratis kaffi. Barnehage og skule brukar biblioteket flittig, og innbyggjarane nyttar både bemanna opningstid og meirope løysing. Skjåk folkebibliotek viser kor mykje ein kan få til med lite – når ein samarbeider godt og opnar dørene for alle.
