I 110 for biblioteksaka! 

25. oktober 1913 vart det 6. norske bibliotekmøtet arrangert i Stavanger. Då gjekk bibliotekarar og bibliotekfunksjonærar saman og danna Norsk Bibliotekforening. I år kan vi altså feire 110 år med organisert bibliotekpolitikk! 

Ser vi på avisreferatet frå skipingsmøtet, ser vi at det er saker som er relevante i dag òg: «Det 6te norske bibliotekmøte anbefaler at rette en indtrængende henvendelse til landets kommunestyrer, ungdomslag og ungdomsforeninger om at arbeide for at der blir oprettet folkebiblioteker i de kommuner hvor man tidligere ikke har nogen og at bringe de biblioteker som nu er vanskjøttet, i tidsmessig stand.» Sjølv om alle kommunar i prinsippet har folkebibliotek i dag, er det definitivt nokre som blir vanskjøtta.  

Likevel, det har skjedd utruleg mykje som Norsk Bibliotekforening har vore med og lagt grunnlaget for i 110 år. Organisasjonen har vore kanalen for det bibliotekpolitiske og faglege engasjementet til heile sektoren. Når det blir diskutert biblioteklover, åndsverkslova, ytringsfridom, utdanningskrav, innkjøpsordningar, boklova, open tilgang og andre ting som påverkar biblioteka: Norsk Bibliotekforening er på plass for biblioteka og dei som brukar biblioteka! 

Du er hjarteleg velkomen til å bli med på laget for biblioteksaka du òg! 

Hovedstyret Norsk Bibliotekforening 2022-2024: Nisrin Maktabi Barkouki, Helene Heger Voldner (nestleiar), Mari Hopland, Birgithe Schumann-Olsen, Vidar Lund (leiar), Karianne Aam, Tina Halkinrud, Terje Håkstad, Heidi Hovemoen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!