Folkebibliotek som studiebibliotek

Ny forskrift og møte med departementet

Desentralisert og fleksibel utdanning er viktig for å sikre kompetanse i distrikta. Og no får fylkeskommunane ansvaret for å fordele tilskotsmidlar til studiesenter. Norsk bibliotekforeining meiner at utdanninga ikkje berre må vere tilgjengeleg, men også realiserbar. Ein må legge praktisk til rette for at studentane  klarer å fullføre sitt studieløp

Eit studiebibliotek lokalt

Studentane i distrikta vil gå til det nærmaste biblioteket, uavhengig av kva for bibliotek det er. Eit studiebibliotek på eit universitet eller ein høgskule er spesielt tilrettelagd for studentane, og  jobbar kvar dag med rettleiing i kjeldekritikk, litteratursøk, referansehandtering, tilgang til relevant faglitteratur, samtidig som dei tilbyr leseplassar og grupperom.

Gjennom prosjektet “Studenttjenester i folkebibliotek” har Senja folkebibliotek saman med studiesenter og universitetsbibliotek lykkast med å gi studentar eit tilbod med liknande kvalitetar som eit studiebibliotek lokalt.  

Norsk bibliotekforeining ynskjer slike samarbeid velkomen. Regjeringa foreslo i  statsbudsjettet at midlane til studiesenter frå og med 2025 skal forvaltast av fylkeskommunane då desse har eit heilskapleg kompetansepolitisk ansvar. Fylkeskommunane skal fordele midlar basert på prosjektsøknadar. I desse dagar blir det arbeidd med ei forskrift som skal innehalde verkeområde, krav til søknaden og tildelingskriterium for tilskota.

Innspel til forskrift

Norsk bibliotekforeining har i sitt innspel til forskrifta foreslått at forskrifta skal innehalde ei vektlegging av samarbeid mellom folkebibliotek og studiesentera. Foreininga har også hatt møte med Kommunal- og distriktsdepartementet om forskrifta og foreininga sitt innspel. Foreininga vil ta kontakt med alle fylkeskommunar og fylkesbibliotek og oppfordre til at ein i arbeidet med tilskot ser etter moglegheiter for slikt samarbeid.

Fleire prosjekt på gang

Trøndelag fylkesbibliotek arbeider med å utvikla folkebiblioteket sin praksis med å støtta studentar i ein læringssituasjon, og at folkebiblioteka blir ein ressurs i utviklinga av lokalsamfunna og i regionale kompetansestrategiar.
 
OsloMet arbeider med “Kompetanseløft for formidling av forskingsbasert kunnskap i folkebibliotek”, og har gjennomført workshop i alle fylke, der meir enn 300 deltakarar frå folkebibliotek, skulebibliotek og fylkesbibliotek har delteke.

Høyskolen Kristiania har eit pågåande prosjekt om korleis skreddarsy bibliotektenester som ein del av eit fleksibelt og desentralisert studietilbod.

Norsk bibliotekforeining ønskjer at det skal vera mogleg å leva gode liv, og å kunna ta utdanning same kvar du bur i landet. Der det er mogleg med tilrettelegging for studentlivet gjennom gode samarbeid mellom folkebiblitek og studiesenter er det positivt. No har me gode eksmepler på kva som skal til og kva avtalar som bør liggja til grunn for å skapa gode samarbeid lokalt, og som vil føra til eit betra tilbod i heile landet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!