Digitalt frukostmøte om folkebibliotek og beredskap
Kva betyr beredskap for folkebiblioteket – og kva betyr biblioteket for beredskapen?
- Dato: 28. august 2026
- Tid: 09.00-10.00
- Sted: Digitalt
2026 er Totalforsvarsåret, og Norsk bibliotekforening har valt beredskap som tema for Nasjonal bibliotekdag 1. september. Biblioteket er ein open, gratis og tillitsskapt møteplass for alle – i kvardagen ein kunnskapsarena, i ei krise eit naturleg informasjonspunkt og eit trygt rom.
På programmet er:
- Beredskapsarbeidet ved Tønsberg og Færder bibliotek ved Stine-Marie Schmelding. Tønsberg og Færder bibliotek erfaringar frå arbeidet med å utforske og utvikle bibliotekets rolle i beredskap – eit arbeid som ligg til grunn for heftet Bibliotek og egenberedskap – en veileder for bibliotekene (DSB).
- Om demokrati og beredskap ved Bergen Offentlige bibliotek ved Margrete Rasmussen
- Litterær beredskap ved Askøy og Stord bibliotek ved biblioteksjefar Irene Hantveit og Elin Mariboe
Møtet krev inga påmelding og er ope for alle interesserte. Følg møtelenka litt før kl. 9: møtelenke til Teams-møtet
Det blir ikkje gjort opptak av arrangementet.
Arrangert av NBF Vestland i samarbeid med Vestland fylkeskommune.