Norsk Bibliotekforening boikottar IFLA-kongressen i 2024 

Hovudstyret i Norsk Bibliotekforening har vedteke at organisasjonen ikkje skal delta på IFLA sin verdskongress (WLIC) i 2024. Vedtaket er gjort som ein protest mot at styret i IFLA har lagt arrangementet til Dubai i Dei sameinte arabiske emirata, eit land som har strenge lover mot å fremje LHBT+-saker.  

Når styret i IFLA godtok at styresmaktene i Emirata får sensurere programmet for WLIC og at IFLA si spesialgruppe for LHBT+-brukarar ikkje kan delta, meiner Norsk Bibliotekforening at organisasjonen har gått på akkord med viktige prinsipp om ytringsfridom. Dette er ekstra ille når ein er ein bibliotekorganisasjon med føremål om å arbeide for fri tilgang til informasjon. 

I tillegg til at Norsk Bibliotekforening ikkje vil delta, oppmodar hovudstyret andre norske medlemer til å droppe deltaking i 2024 òg. Hovudstyret kjem heller ikkje til å gje tilskot til andre si deltaking på kongressen. 

IFLA Governing Board decides on WLIC 2024

IFLAs konferanse i Dubai

Statement on the selection of Dubai as venue for WLIC 2024

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!