Internasjonalt engasjement frå norske bibliotekfolk

Fleire norske representantar har nyleg vorte vald inn i seksjonar i IFLA. IFLA er den internasjonale organisasjonen for bibliotek, og er ein viktig stad for utveksling av kunnskap og erfaringer med biblioteksfolk frå heile verda. 

Mari Hopland er medlem av Hovudstyret i Norsk bibliotekforeining og er til dagleg leiar for Universitetsbiblioteket på USN, Campus Kongsberg. “Eg er glad for og stolt over å bli valt inn i IFLA Academic and research libraries section, og gler meg til å samarbeide med kollegaer frå hele verda for å jobbe for gode bibliotek i forsking og utdanning,” uttalar ho.

Foto: USN

Det internasjonale samarbeidet er viktig for Norsk bibliotekforeining, og for heile det norske bibliotekfeltet. Verdiane biblioteket kjempar for, som demokrati, ytringsfridom og lik tilgang på kunnskap for alle, må me halda fram med å kjempa for på tvers av landegrensar. 

Vi i Norsk bibliotekforening set stor pris på engasjementet som dei norske representantane bidreg med i det internasjonale bibliotekfellesskapet, og all kunnskap dei tek med tilbake til bibliotekfeltet i Noreg. 

I tillegg til dei som blei utnemd i valet 2025 er det også andre representantar som allereie er vald inn. Leiar Helene Voldner sitt mellom anna i seksjonen for bibliotekorganisasjonar, Management of Library Associations (MLAS).

Sjå heile valresultatet på IFLAs heimeside.

Ved valet i 2025 har Noreg representantar i desse seksjonane som er valde for fyrste gong eller med renominasjon: 

  • Arne Gundersen i Europe Regional Division Committee 
  • Mari Hopland i Academic and Research Libraries 
  • Helen Sakrihei i Document Delivery and Resource Sharing 
  • Leon Bang-Hetlevik i Information Technology 
  • Linn T. Sunne i Libraries for Children and Young Adults 
  • Tone Larssen Rogne i Libraries for Children and Young Adults 
  • Jorunn Wold i Libraries Serving Persons with Print Disabilities 
  • Elin Golten i Public Libraries 
  • Mariann Schjeide i Advisory Committee on Freedom of Access to Information and Freedom of Expression 

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!