Pressemelding – statsbudsjettet 2022

Norsk Bibliotekforening krev lesesatsing i det nye statsbudsjettet

Norsk Bibliotekforening (NBF) er skuffa over den avgåande regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2022, seier Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening. – Det er store behov for satsing på både folkebibliotek, skulebibliotek og felles informasjonsressursar, og her stiller ikkje regjeringa opp, leggjer han til. Andre litteratur- eller lesesatsingar blir heller ikkje styrka.  

No kjem det på plass ei ny regjering som skal koma med endring av budsjettframlegget som kom i dag. Vi har spela inn dette til den nye regjeringa: 

  • Eit leseløft, som mellom anna inneheld ein nasjonal lesestrategi for å auke fritidslesinga mellom barn og unge. Ei reell satsing på skulebibliotek som inkluderer skulebibliotekarane i det pedagogiske arbeidet er naudsynt, og det same er etablering av fast innkjøpsordning for skulebibliotek.
  • Eit nasjonalt løft for folkebiblioteka, som må styrkjast som lokale kulturarenaer og litteraturhus. Dette inkluderer ei styrking av innkjøpsordningane for sakprosa og teikneseriar, og at det kjem på plass ordningar som likestiller trykte og digitale media for bibliotekbruk.
  • Open tilgang til undervisningsressursar og forsking, både for forskarar, studentar og andre som vil lære. Helsebiblioteket.no må styrkjast, og kan vera eit eksempel for nasjonale fellestenester på andre fagområde. Vi må halde fram med digitaliseringa av kulturarven, og auke tilgangen til digitalt materiale for alle.

Kontakt:  Vidar Lund, leiar, tlf 40211624, vl@norskbibliotekforening.no eller Ann Berit Hulthin, generalsekretær, tlf. 97779547, abh@norskbibliotekforening.no  

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!

"*" indicates required fields