Norsk Bibliotekforening skuffa over ny boklov 

– Framlegget til boklov er utruleg skuffande for biblioteka og bibliotekbrukarane, seier Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening etter at den nye boklova vart lagt fram i dag. 

I det endelege framlegget har Kulturdepartementet fjerna kravet om leveringsplikt av digitale lydbøker til biblioteka. – Vi er særs skuffa over at dette vart det endelege framlegget, og vil bruke høyringa på Stortinget for å få dette på plass igjen, understrekar Lund. – Dette er ein skikkeleg nedtur etter at statsråden har snakka varmt om kor viktig boklova er for biblioteka. Denne boklova gjer dessverre ingenting nytt eller betre for bibliotekbrukarane, seier Lund. 

Folkebiblioteka låner i dag ut norske lydbøker og e-bøker gjennom appane Bookbites og Allbok. Dette er system der biblioteka ikkje får kjøpe e-bøker eller lydbøker, men må betale prisen av ei vanleg bok for å gje 6 lydboklån eller 10 e-boklån. Ei papirbok kan ofte lånast ut 100 gonger før ho er utslitt. Norsk Bibliotekforening krev at biblioteka må få kjøpe lydbøker og e-bøker til same prinsipp som fysiske bøker, det vil seie at ein får kjøpe ei digital bok som blir lånt ut til ein lånar av gongen så lenge biblioteket ønskjer å ha boka i samlinga. 

– Opphavarane får allereie kompensasjon for at biblioteka låner ut bøkene gjennom bibliotekvederlaget. Dette vart gjort om til ei teknologinøytral ordning i siste forhandling. Då er det berre rimeleg at biblioteka sine innkjøp og blir behandla teknologinøytralt, seier Vidar Lund. 

I høyringsrunden i haust støtta Norsk Bibliotekforening framlegget til ny lov, ut frå at ho sikra at biblioteka kan byggje breie samlingar og ikkje prioritere bestseljarane. 

– Det prinsipielt verste med regjeringa sitt framlegg, er at dei let det vera opp til forlaga kva bøker biblioteka skal låne ut. Dette er ein heilt framand og farleg måte å tenkje bibliotek på. Biblioteka er fyrst og fremst for lånarane, og skal kunne tilby alt som blir publisert i Noreg. 

Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening, tlf. 40211624

Høyringsinnspel til boklova frå Norsk Bibliotekforening

Lov om omsetning av bøker (bokloven)

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!