Norsk Bibliotekforening skuffa over manglande satsing på bibliotek og lesing

Ingen auka midler

Når kommunar satsar på bibliotek kan dei søkje på prosjekt- og utviklingsmidlar til folkebibliotek, skulebibliotek og lokale kulturbygg. I 2021 aukar ingen av desse budsjettpostane. Når kommuneøkonomien er hardt råka av covid-19-krisa, er mange bibliotek trua av reduserte budsjettrammer. – Førebels  veit vi at fleire folkebibliotek har fått melding om å kutte mellom 5 og 10 % av budsjettet for 2021. 

Då dei fleste biblioteka stengde på grunn av covid-19 i mars, gjekk dei statlege pengane som skulle gått til prosjekt- og utviklingsmidlar i 2020 til innkjøp av digitalt materiale gjennom fylkesbiblioteka. – Dette er ei ordning som burde vore vidareført for 2021 i tillegg til prosjektmidlane, seier Vidar Lund. 

Helsebiblioteket.no

– Helsebiblioteket.no er ei anna teneste som no slit, understrekar Lund. – Prisaukar og svingande valutakursar gjer at berre i 2021 trengst det 6-10 millionar kr for å oppretthalde dagens tilbod. 

Helsebiblioteket.no er ei digital bibliotekteneste der Folkehelseinstituttet kjøper inn digitale ressursar som kan brukast av både den statlege og kommunale helse- og omsorgssektoren og universitet og høgskular. Mange av tenestene er tilgjengelege for folk flest òg. 

Kontakt: Vidar Lund, leiar, tlf 40211624, vl@norskbibliotekforening.no Ann Berit Hulthin, generalsekretær, tlf. 97779547, abh@norskbibliotekforening.no