Lovande utkast til boklov

– Den nye boklova ser lovande ut for biblioteka, seier leiar Vidar Lund i Norsk Bibliotekforening. – Vi er særleg glade for at retten til å kjøpe digitale lydbøker blir slått fast. Dette vil koma bibliotekbrukarane til gode.

Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening
Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening

Norsk Bibliotekforening synst det er gledeleg at høyringsnotatet framhevar at biblioteka er ein viktig del av bokøkonomien. Biblioteka si rolle som formidlar av mangfaldet og breidda i norsk litteratur blir understreka. Biblioteka si økonomiske rolle som både bokkjøparar og arenaer for forfattarbesøk blir framheva Bibliotekvederlaget blir òg omtalt som viktig. – Dette gleder oss i Norsk Bibliotekforening. Sjølv om biblioteka er gratistilbod for folk flest, er vi med og gjev betre rammevilkår for forfattarane, understrekar Lund.

Av konkrete framlegg i lovutkastet synst Norsk Bibliotekforening det er bra at biblioteka framleis får høve til å kjøpe nye bøker med ein rabatt, som hittil har vore inntil 20 % av utsalsprisen. Nytt i lovframlegget er at forlaga skal levere eksemplar av digitale lydbøker til bibliotek. – I notatet blir det sagt at det må gjerast eigne avtalar om vilkåra for pris og utlånsmodell mellom partane. Her vil vi vera særs tydelege og seie at ei minimumsløysing må inn i forskrifta, seier Lund.

I lova blir det ikkje skilt mellom bibliotektypar. Det blir òg sagt at e-bøker må sest på som det same som papirbøker. – Det er særs bra om både folke-, skule- og fag- og forskingsbibliotek får same rettar. Vi trur likevel at alle bibliotektypane sitt utlån av e-bøker bør sikrast på same måte som for digitale lydbøker, avsluttar Vidar Lund.

Høyringsfristen for boklova er 18. november, og Norsk Bibliotekforening vil delta i høyringsprosessen. Du finn høyringsnotatet og lovutkastet her.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!

"*" indicates required fields