– Ja til ny kulturlov

Norsk Bibliotekforening støttar framlegget om å innføre prinsippet om armlengds avstand i den nye kulturlova, og støttar også at kommunar og fylkeskommunar skal påleggjast statusrapportering og kulturplanlegging. I tillegg gjer foreininga framlegg om å gje statsforvaltaren tilsynsoppgåver, og at staten skal påleggjast å levere grunnlagsdata for statusrapportane. Foreininga ber òg om at armlengds avstand blir spesifisert på stillingsnivå, for å verne det kunst- og kulturfaglege ansvaret i den kommunale verksemda òg.

Leiar i Norsk Bibliotekforening, Vidar Lund

Her er heile høyringssvaret:

Høyringssvar frå Norsk Bibliotekforening om revidering av kulturlova

Norsk Bibliotekforening takkar for høvet til å koma med høyringssvar om revisjon av kulturlova.

Vi registrerer at kulturlova framleis er tenkt som ei rammelov som verken pålegg offentlege styresmakter mange plikter eller gir innbyggarane nye rettar.

Dette høyringsinnspelet kjem i hovudsak til dreie seg om to tema: armlengds avstand-prinsippet og kulturplanlegging.

Armlengds avstand

Biblioteka er ein del av både kultur- og kunnskapssektoren, der folkebiblioteka i hovudsak blir rekna til kultursektoren i praksis. Likevel vil vi minne om at både skulebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek er viktige kulturformidlarar innanfor sine institusjonar og blir nytta av ålmenta i tillegg.

Ved sist revisjon av lov om folkebibliotek med verknad frå 1.1.2014, var det fastslått nokre nye prinsipp. Det eine er at folkebiblioteka skal drive med aktiv formidling, der det før berre stod at ein skulle stille bøker og andre media gratis til disposisjon. Det andre er at folkebiblioteka skal vera ein uavhengig møteplass og arena for samtale og offentleg debatt. Dette momentet bør inkluderast i det som er gjeldande rett, særleg når «Forskrift om kvalifikasjonskrav for ansatte i folkebibliotek» slår fast at biblioteksjefen er «den faglige og administrative leder for kommunens samlede folkebibliotekvirksomhet».

Dette er oppdrag som folkebiblioteka har teke på alvor dei siste ti åra, og som òg har fått støtte gjennom tilskot frå spelemidlane til bibliotekutvikling. I fyrste bibliotekstrategi låg hovudvekta på arenautvikling, i inneverande bibliotekstrategi på aktiv formidling.

Ved fleire høve har det oppstått ordskifte om folkebiblioteka si handtering av prinsippet om å vera uavhengig møteplass og arena for samtale og debatt. I 2019 gjekk Norsk Bibliotekforening og fagforeiningane innanfor sektoren difor saman om å lage ein plakat med tittelen «Biblioteksjefenes ansvarsområde». Dette var for å gje biblioteksjefane fagleg støtte i diskusjonar med både administrativ og politisk leiing i kommunane. Plakaten ligg ved.

Etter vår meining er det særs viktig at prinsippet om armlengds avstand blir styrka slik høyringsnotatet gjer framlegg om, og at dette òg gjeld arkiv-, bibliotek- og museumssektoren i tillegg til det reine kunstfaglege feltet. Dette vil vera ei viktig støtte for biblioteksjefane når dei skal utvikle folkebiblioteket si rolle som ytringsarena. Det er nyleg gjort forsking (doktoravhandling frå 2022 av Elin Golten) som tyder på at både politisk og administrativ leiing i kommunar kan synest det er utfordrande at folkebiblioteket skal ha ei slik rolle.

Hovudvekta i diskusjonane i biblioteksektoren har gått på arrangementsaktiviteten, men det er etter vår meining like viktig at armlengds avstand-prinsippet blir styrka for å ta vare på dei bibliotektilsette si rolle når det gjeld både innkjøp av media og utstillingsaktivitet. Vi ser frå USA at det blir oppfatta som legitimt mellom somme grupper at dei kan overkøyre biblioteket sine vurderingar av innkjøp og utstillingar gjennom politiske vedtak. I Noreg har dette ikkje vore direkte aktuelt, bortsett frå nokre få døme der enkeltpersonar har villa gje bibliotek bøker som biblioteket ikkje har prioritert å kjøpe inn. Det er likevel verdt å merke seg at til og med i Sverige blir folkebibliotek utfordra av politisk leiing når det gjeld programmering av arrangementsverksemda.

I lovframlegget §2a står dette: «Avgjerder som i hovudsak er baserte på kunstnerisk eller kulturfagleg skjønn, skal treffast av personar eller verksemder med relevant fagkompetanse.» Her vil vi problematisere omgrepet «verksemder». Dette er eit for uklårt omgrep til å dekkje kommunal sektor. I ein del samanhengar blir ein kommune rekna som éi verksemd. For ein biblioteksjef som skal kuratere eit program som til dømes inneheld ein debatt om skulepolitikk, kommunevalet eller andre lokalt brennbare tema, er det viktig at dette ansvaret blir gjort personleg til den som er fagleg og administrativt ansvarleg for folkebibliotektenesta i kommunen. Folkebiblioteka og andre kulturtenester er særs ulikt organiserte i kommunane, frå 20 % biblioteksjef som del av ei kultureining i nokon kommunar til ein eigen etat i Oslo. Fleire kommunar har òg fått hybrideiningar med bibliotek og innbyggartorg der det kan vera uklårt om ein er eit uavhengig bibliotek eller ei kommunal informasjonseining. Mange biblioteksjefar har ikkje bibliotekfagleg utdanning, men har fått dispensasjon frå kravet i tråd med forskrift om kvalifikasjonskrav for bibliotektilsette. Då skal dei sjølvsagt ha same ansvar som andre biblioteksjefar.

Norsk Bibliotekforening støttar altså styrkinga av armlengds avstand-prinsippet i kulturlova, men med to presiseringar:

  • Prinsippet må gjelde både kunstfaglege og kulturfaglege avgjerder
  • Prinsippet må gjelde personar med relevant fagkompetanse, ikkje verksemder.

Kulturplanlegging

Dette er eit anna tema vi finn gledeleg i høyringsutkastet. Ei kvar seriøs kommunal planlegging bør sjølvsagt ta kulturperspektivet med seg. Det ser vi òg skjer veldig mange stader. Målet med denne lovteksten må vera at a) det må skje overalt og b) kvaliteten må auke.

Kombinasjonen av å påleggje statusrapportering og kulturplanlegging er slik sett bra. Likevel meiner vi at det manglar ein viktig ting: samhandling. Det finst særs mange støtteordningar, tiltak og andre aktivitetar der lokale og regionale personar, verksemder og organisasjonar søkjer staten om støtte. Det gjeld Kulturrådet, Frifond-midlar og mange andre. Staten bør forplikte seg til å samle informasjon om desse støtteordningane og andre statlege tilskot på kommunenivå for å hjelpe kommunane og fylkeskommunane med statusrapportering. Kulturdirektoratet kan vera ein aktør som får tildelt dette ansvaret.

Vi gjer framlegg om eit tredje tillegg til §3 Statens oppgåver:

«Staten skal samordna kulturstatistikk slik at kommunar og fylkeskommunar har oversikt over statlege tilskot i sitt område til bruk i rapporterings- og planarbeidet».

Kontroll og tilsyn

Vi merker oss at spørsmålet om kontroll og tilsyn ikkje er handsama i proposisjonen. Norsk Bibliotekforening ser det slik at sjølv om lova gir få konkrete rettar og plikter, vil det vera spørsmål om dei to nye punkta om armlengds avstand og kulturplanlegging faktisk er gjennomført. Vi ser for oss at statsforvaltar kan ha ei rolle i å føre tilsyn med at desse to krava blir oppfylt, særleg innanfor kommunal og fylkeskommunal sektor når kulturfaglege einingar og personar kan bli forsøkt overstyrt.

Oslo, 30.6.2023
Med venleg helsing
Norsk Bibliotekforening
Vidar Lund
leiar

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!