Innspel til boklova

I høyringsnotatet gjer departementet det klart at ein meiner at papirbøker og ebøker i prinsippet er det same: «Departementet foreslår at leveringsplikten også skal gjelde for eksemplarsalg av e-bøker. Departementet anser e-bøker som fullverdige bøker og ser ingen grunn til å forskjellsbehandle e-bøker og fysiske bøker når det gjelder plikten til å levere bøker.» Dette prinsippet støttar vi heilt og fullt.

Vi meiner at med den prinsipielle avklaringa om at bok og e-bok er det same, må det gjerast tydelegare at dette òg gjeld bruk i biblioteka.

Norsk Bibliotekforening synst det er gledeleg at høyringsnotatet framhevar at biblioteka er ein viktig del av bokøkonomien. Biblioteka si rolle som formidlar av mangfaldet og breidda i norsk litteratur blir understreka.

Biblioteka si økonomiske rolle som både bokkjøparar og arenaer for forfattarbesøk blir framheva. Bibliotekvederlaget blir òg omtalt som viktig. – Dette gleder oss i Norsk Bibliotekforening. Sjølv om biblioteka er gratistilbod for folk flest, er vi med og gjev betre rammevilkår for forfattarane, understrekar Lund.

Les heile høyringsinnspelet her

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!