Innspel til boklova

Boklova skal behandlast i Stortinget, og Norsk Bibliotekforening har levert innspel.
– Vi meiner at Kulturdepartementet sitt framlegg i hovudsak er godt, og at det på ein god måte balanserer dei ulike omsyna boklova må ta, med eitt viktig unntak: Spørsmålet om tilgang til e-bøker og lydbøker.

Kven skal avgjera kva som finst på biblioteket?

I litteraturfeltet/bokbransjen har det vore diskutert ein del dei siste åra om tilhøvet mellom digital og fysisk lesing/lytting. Vårt poeng er at dette er eit val som den enkelte lesar må få ta. Då er det bransjen, biblioteka og politikarane si oppgåve å leggje til rette for at litteraturen faktisk blir tilgjengeleg for alle og kan formidlast på alle plattformer i åra som kjem.

Dette er det prinsipielle hovudspørsmålet for oss i denne høyringa. I ei reint fysisk verd var det enkelt. Når ei bok eller lydbok vart gjeven ut var ho tilgjengeleg for sal. Den såkalla konsumpsjonsregelen i åndsverkslova gjer at når noko fysisk er kjøpt, eig kjøparen råderetten over det fysiske eksemplaret. Det kan seljast vidare, lånast ut, øydeleggjast og til og med kopierast til eige bruk.

Innanfor det digitale universet er det ei anna tilnærming. Når du vil lese eller lytte digitalt, signerer du samstundes ein avtale om at du IKKJE kan selje vidare, låne ut eller kopiere. Du kjøper tilgang, anten enkeltvis som «eksemplar» eller ved å kjøpe tilgang til ein større database som strøyming. I standardavtalane er desse «eksemplara» likevel bundne til deg som brukar, og du må godta vilkåra ved kjøpet.

Les heile innspelet her

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!