Del di bibliotekhistorie

Kjære bibliotekvenn! 

«Ingen kommer undan politiken» song Marie Bergman i 1976. Det var sant då, og det er framleis sant. 

I desse dagar sit politikarar over heile landet og jobbar med budsjettet for 2021 og avgjer kva biblioteket skal kunne gjere i 2021. Hjelp oss å fortelje dei at bibliotek er viktig! 

Er det noko denne hausten har vist, er det at kommune-Noreg er variert. Somme kommunar har gjort vedtak om nye bibliotek- og kulturbygg og satsar skikkeleg. Oslo har endeleg fått opna Deichman Bjørvika med høge besøkstal trass covid-19. Mens Tromsø, Stavanger, Arendal og fleire opplever framlegg til store kutt! Alt dette er politikk. Det er inga naturlov som seier at biblioteket skal kuttast like mykje som andre kommunale tenester, eller meir enn andre som nokre døme viser. 

Derfor oppfordrar vi deg. Bibliotekbrukaren. Bibliotekvennen. Foresatte. Læraren. Pensjonisten. Eleven. Studenten. Del DI eiga bibliotekhistorie om kvifor biblioteket er viktig, slik at politikarane ser all nytta lokalsamfunnet har av biblioteket. 

Spel inn ein liten video, lag ei historie på Instagram/Facebook eller ta bilete av biblioteket ditt eller ei bok og skriv litt. Merk med emneknaggen #mittbibliotek. Ta gjerne og merk med kommunen/biblioteket du høyrer til, og oss i Norsk Bibliotekforening òg. Du finn oss på @norskbibforening

Takk for at du er med! 

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!