Fem til finalen i «Årets bibliotek 2020»
For 30. gong skal Norsk Bibliotekforening dele ut prisen for «Årets bibliotek». Denne gong vil prisen gå til eit av fem bibliotek som har utmerka seg dei siste åra. Som det heiter i statuttane for prisen:
Prisen tildeles et bibliotek som i de senere år har anvendt nye ideer eller utmerket seg gjennom et godt og effektivt samarbeid med de som bruker/styrer biblioteket. Fremtidsrettede, utradisjonelle og offensive tiltak innen kunnskapsformidling og kulturopplevelse, markedsføring, brukervennlighet og tilgjengelighet, god service og god ressursutnyttelse kan være kriterier for tildeling av prisen. Biblioteket skal utføre oppgaver og tjenester på et nivå ut over ordinær bibliotekdrift for å komme til vurdering.
Det kom inn over 100 framlegg på til saman 52 bibliotek, og juryen hadde ein vanskeleg jobb med å finne dei fem til finalerunden. Dei fem som er i finalerunden er, i alfabetisk rekkefølgje:
18. juni opna endeleg Deichman Bjørvika, det nye hovudbiblioteket i Oslo. Det var kulminasjonen på ein nesten 30 års kamp for å få nye og moderne lokale for Noregs største folkebibliotek. Frå den dagen biblioteket opna har folk i byen trykt det til sitt bryst. Covid-19-pandemien har sett nokre grenser for kor mange som kan vera der og kva aktivitet det er rom for, men likevel er oppstarten imponerande. Vi ser korleis bygget kan brukast, både til bøker, andre media, aktivitet, folkeverkstad, musikkstudio, møtelokale, servering – rett og slett ein møtestad for folket. Biblioteket er òg eit av signalbygga i byutviklinga i Bjørvika, i ein trekant med Munchmuseet og Operaen. Det er med på å gjera Bjørvika til ein bydel der alle er inkludert.
I juli og august 2019 hadde hovudbiblioteket på Hammersborg 49.000 besøk. I same periode i 2020 hadde Deichman Bjørvika 387.000 besøk, trass i at covid-19-tiltak reduserte kapasiteten. Deichman Bjørvika har òg hatt 74 % auke i utlånet sett i høve til 2019. Desse tala seier noko om at biblioteket blir brukt på ein annan måte enn før, og at oslofolk har redefinert sitt forhald til biblioteket. Deichman Bjørvika
Haugesund folkebibliotek har lenge hatt ei særs god lokalavdeling. Samstundes som biblioteket måtte stengje i 2017 på grunn av totalrenovasjon, sette dei i gang arbeidet med tilgjengeleggjering av Rederiarkivene Haugesund, med både fag, forsking og formidling. Målet med arbeidet er å gje sjøfartshistoria tilbake til byen og vise kor levande og viktig arbeidet er. Dei har gjort eit skikkeleg tverrfagleg arbeid med både arkiv og museum, og er det fyrste folkebiblioteket som har lagt ut materiale i Digitalarkivet. Dette biblioteket var òg stengt ein periode på grunn av covid-19 og har opna meir etter kvart. I mens har tilsette jobba med podkastproduksjon, laga kurs i videoboktips, samarbeidd med TVHaugaland om #mittforbilde og etablert både gamingrom og podkastrom.
Haugesund folkebibliotek ligg i eit praktbygg frå 1967. Det vart teikna av David Sandved, både arkitektur, inventar og interiør heng saman. Det har vore ein lengre fredningsprosess i samråd mellom Haugesund kommune og fylkeskonservatoren, og etter ein totalrenovasjon som òg fornya viktige delar av bygget, vart det freda av Riksantikvaren i 2019. Dei klarte å finne løysingar som både tok vare på arven etter David Sandved og introduserte nye ting som kafé og meirope bibliotek. Denne kombinasjonen av fornying og vern, av eit av få bygg som er bygd spesifikt for bibliotek, vitnar om eit bibliotek og kommune som tenkjer framover med grunnlag i historia. www.haugesundbibliotek.no/ www.rederiarkivene.no
Meieriet bibliotek ligg på Leknes og er folkebibliotek for Vestvågøy kommune. Då Covid-19-pandemien slo til og så godt som alle bibliotek stengde ned, snudde dei tilsette på Meieriet bibliotek seg fort rundt. Dei såg at biblioteka måtte satse digitalt på eit tidspunkt det var uklårt kor lenge ein måtte stengje. Dermed samla og systematiserte dei ressursar og lanserte nettsida karanteket.no. På nettsida er det rettleiing til ymse digitale tenester, som e-bøker, biblioteka sine filmtenester, avis- og tidsskrifttenester, datakurs, personvernkurs og mykje meir! Dei legg vekt på formidling med boktips, lenkjer til arrangement, podkastar og meir. Dette skjer i samarbeid med Nordland fylkesbibliotek. Grunnen til at Meieriet kunne gjera dette på ei vekes varsel, er sjølvsagt ei utviklingsorientert haldning i utgangspunktet!
Biblioteket får skussmål som ei uvanleg innovativ og inkluderande gjeng som set brukarane fyrst i utviklingsarbeidet. Dei er tøffe og brukar emneknaggen #verdensbestebibliotek om seg sjølve! Aktivitetsnivået er høgt, med både fysiske og digitale arrangement. «Tabuka» brukte dei til å fokusere på tema som gjerne er tabu. Biblioteket var aktiv for å auke oppslutninga om å delta i valet i 2019, og er etterspurt som prosjektutviklar og arena for både lokale og andre eksterne aktørar. Og med den endringa dei har fått til der t.d. «problematisk» ungdom har vorte ressursar for biblioteket, eller den pådrivarrolla dei har teke på seg i Lofoten og Nordland med 3D-skanning av biblioteka, er dei verdige nominerte. www.meierietbibliotek.no www.karanteket.no
Tromsdalen bibliotek er eit av to bydelsbibliotek i Tromsø, og dekkjer ein bydel på over 20.000 menneske. Biblioteket er hjartet i lokalsamfunnet, og har tilpassa opningstidene slik at det er mest mogleg tilgjengeleg for ungar og ungdommar etter skuletid. Biblioteket prioriterer barn og unge sterkt, og har eit utstrekt arbeid for skular og barnehagar i området. Dei gjer ein fantastisk jobb med å inkludere og integrere på tvers av både etnisitet, alder og kjønn. Dei tilsette fokuserer på å bli kjent med og byggje relasjonar med brukarane, noko som fører til at brukarane kjenner kjærleik til biblioteket sitt. Tromsdalen bibliotek har sterk brukarmedverknad. Frivillige legg mykje av grunnlaget for at biblioteket har kapasitet til å ha både juleverkstad, origamiverkstad, dokketeater, halloween og andre aktivitetar. Ungane hjelper til med enkelt bibliotekarbeid, og kjenner ansvar for å rydde etter seg. Hausten 2020 har biblioteket vore trua av nedlegging som følgje av kutt i kultursektoren i Tromsø. Dette har utløyst eit enormt engasjement i lokalsamfunnet, og viser kor elska og relevant dette bydelsbiblioteket er. Det ser ut til å berge i denne omgangen, engasjementet i lokalsamfunnet vart for stort til å oversjå! Tromsdalen bibliotek.
UB i Stavanger har gått gjennom omfattande nyskaping dei siste åra. Frå å vera eit tradisjonelt høgskulebibliotek, har dei transformert seg til å bli studentane sin føretrekte plass å vera! Dei har ope 24 timar i døgnet, og satsar på å tilretteleggje samlingane, utstillingane og aktivitetar for studentane. Dei har opna Studieverkstedet, Dataverkstedet og Kongsgårdsalongen med ulike profilar. Biblioteket er òg medansvarleg for fleire fellesressursar i universitets- og høgskulesektoren. Kildekompasset.no og Akademiskskriving.no er to slike ressursar der UB i Stavanger er tungt inne med ressursar. Elles er Læringsstøttesenteret ein viktig del av biblioteket. Her kan studentar som har problem få hjelp gjennom enkeltmannsrettleiing i studiemeistring, kartlegging av dysleksi med meir. UB i Stavanger tilbyr kurs og har faglege arrangement. Mellom anna har dei vore sentrale i ein podkastserie om akademisk skriving, og hatt arrangement som «Shut up and write» og «Skrivenatt». I tillegg satsar dei på sosiale tilbod for studentane som språkcafé, rebusløp, quiz og adventkalender. Studenttrivsel har dei òg fokus på, med teppe for dei som frys, leseplater og kjøkenfasilitetar. Biblioteket klarer å gje studentar og tilsette klassiske bibliotektenester, samstundes som dei gjev ikkje berre litt ekstra, men mykje ekstra! www.uis.no/nb/bibliotek
I juryen har desse site:
Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening
Hildegunn Hestnes, seksjonsleder Trøndelag fylkesbibliotek (fjorårsvinnar)
Trine Skei Grande, stortingsrepresentant
Heidi Austlid, direktør i Forleggerforeningen
Sumaya Jirde Ali, forfattar, samfunnsdebattant og student