Dei nordiske bibliotekforeiningane fordømmer krigen i Ukraina

– Bibliotekmiljøet i Norden er solidarisk med det ukrainske folket sin rett til å leva i ein fri, uavhengig og demokratisk stat. Det seier leiar Vidar Lund i Norsk Bibliotekforening. Dei nordiske bibliotekforeiningane har kome med ei felles fråsegn om krigen Den russiske føderasjonen fører mot Ukraina.

– Vi oppmodar både bibliotek og organisasjonar i biblioteksektoren til å fordømme handlingane til Den russiske føderasjonen og til å suspendere samarbeid med institusjonar som representerer Den russiske føderasjonen så lenge krigen pågår, understrekar Lund.

Dette er ikkje ei oppmoding til generell boikott av russisk kultur eller samarbeid mellom lokale institusjonar. – Vi er opptekne av at folk med russisk bakgrunn som lever i Noreg skal vera velkomne på biblioteket. Den russiske staten sine handlingar er ikkje deira ansvar. Vi veit òg at lokale bibliotek i Noreg driv folk-til-folk-samarbeid med russiske kollegaer og at det er sterke antikrigs-kjensler i russiske bibliotek. Det er viktig at kontakten ikkje blir broten med slike krefter, seier Vidar Lund, som tidlegare har vore biblioteksjef i grensekommunen Sør-Varanger og har røynsler med norsk-russisk samarbeid.

Mange bibliotek rapporterer om auka interesse for ukrainsk og russisk kultur og litteratur, og at folk treng meir informasjon.

– Dette er både rett og naturleg, og både folke-, skule- og fagbiblioteka samarbeider godt for å gje brukarane oppdatert informasjon om bakgrunnen for krisa, avsluttar Vidar Lund.

Dei nordiske bibliotekforeiningane har gått saman om å gje tilskot til Reporters without borders, for å støtte opp om formidling av objektiv informasjon.

For meir kontakt:
Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening, tlf. 40211624

Vedlegg: uttale frå dei nordiske bibliotekforeiningane.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!

"*" indicates required fields