Bruk biblioteka!

Innspel til melding om kulturfrivilligheit

Leiar i Norsk Bibliotekforening Vidar Lund sitt innlegg i innspelsmøte 13. desember om kulturfrivilligheita sin tilgang til eigna lokale og møteplassar.

Foto: Magni Hjertenes Flyum

Norsk Bibliotekforening er ein frivillig organisasjon med både personar og institusjonar som medlemer. Vi organiserer både biblioteka og bibliotekbrukarane! 

Dette innspelsmøtet handlar om kulturfrivilligheita sin tilgang til eigna lokale og møteplassar. Eg kunne sagt at biblioteka finst og er opne, velkomne skal de vera. Og gått ned igjen. Eg vil leggje til litt. 

Bibliotek finst både som folkebibliotek, skulebibliotek og fagbibliotek. Særleg folkebiblioteka jobbar opp mot frivillig sektor. 

Folkebiblioteka er unike institusjonar i kommunane på den måten at vi har lovfesta eit armlengds avstandsprinsipp gjennom lov om folkebibliotek. Folkebiblioteket skal vera ein “uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt.” Det gir dei heilt andre moglegheiter for samarbeid, samhandling og samskaping enn det som har vore tradisjonen i kommunal sektor. 

Så seint som i spørjetimen i haust understreka kulturministeren at folkebiblioteka skal vera ein demokratisk arena og tilgjengeleg for alle, at dei er viktige for ytringsfridomen og at biblioteksjefen har ei redaktørliknande rolle. 

Det gir store moglegheiter for frivillige organisasjonar. Der andre kommunale institusjonar i større eller mindre grad skal styre etter politisk utforma målsetnader, skal folkebiblioteket vera ein demokratisk arena som like gjerne skal vera med og stille informasjon og møteplassen til disposisjon for å utfordre styringa i ein kommune. 

Gjennom dei siste åra har særleg folkebiblioteka opplevd eit løft gjennom målretta midlar gjennom spelemidlane. Hundrevis av bibliotek har fått nye sceneelement, lyd og lys. Kompetansen er òg auka hos dei tilsette når det gjeld bruken av dette utstyret og vertskapsrolla. Det vil seie at det no skal vera enklare for ein frivillig organisasjon å bruke biblioteket som ein arena. Eg trur at det kan vera ein lågare terskel for ein frivillig organisasjon å bruke biblioteket enn iallfall ein del av kulturhusa som er pålagde innteningskrav. 

Det blir stadig bygd nye bibliotek, ikkje berre der borte i Bjørvika, men i store og små kommunar. Lillestrøm, Nord-Odal, Flakstad, Røros, Sarpsborg, Halden, Hustadvika, Stor-Elvdal er mellom kommunane som byggjer eller har bygd nye bibliotek dei siste åra. Kva har dei til felles? Dei lagar møteplassar som eignar seg for både små og store møte for frivilligheita òg. 

Kva meir har desse kommunane til felles? Kommunen byggjer og tar ansvaret. Og at kommunen får latterleg små (om nokon) tilskot til lokale/regionale kulturbygg, som bibliotek, over spelemidlane. Her er det ein stor jobb å gjera, og kulturfeltet må kunne likestillast meir med idretten.

I mange tilfelle blir bøygen for å byggje nye eller ombyggje gamle lokale for stor. Hadde fylket gjennom spelemidlane kunne stilt med 1/3 i tilskot hadde kulturen stilt sterkare i konkurransen om dei kommunale investeringsmidlane. Så bodskapen min er todelt. Til frivilligheita: bruk oss. Til staten: sats på dei lokale kulturbygga. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!