Bibliotekforeininga med klare forventningar til god bibliotek- og lesepolitikk
– Norsk Bibliotekforening gratulerer sentrum/venstre-sida med sigeren i stortingsvalet, og stiller med forventningar til bibliotek- og lesepolitikken framover. Det seier Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening.
– Vi har merka oss at dei raudgrøne partia har laga meir ambisiøse planar for bibliotek- og lesepolitikken gjennom arbeidet i Stortinget dei siste 4 åra, og at partiprogramma deira òg er mei/r konkrete for den komande perioden, understrekar Lund.
Norsk Bibliotekforening vonar at den praktiske politikken framover gir eit verkeleg leseløft, som mellom anna inneheld ein nasjonal lesestrategi for å auke fritidslesinga mellom barn og unge. Ei reell satsing på skulebibliotek som inkluderer skulebibliotekarane i det pedagogiske arbeidet er naudsynt, og det same er etablering av fast innkjøpsordning for skulebibliotek.
Vidare vonar Norsk bibliotekforeining at dei neste fire åra vil gi eit nasjonalt løft for folkebiblioteka, og at dei blir styrka som lokale kulturarenaer og litteraturhus. Dette inkluderer ei styrking av innkjøpsordningane for sakprosa og teikneseriar, og at det kjem på plass ordningar som likestiller trykte og digitale media for bibliotekbruk. Alt for å gje brei og allmenn tilgang til litteraturen.
Likeins er open tilgang til undervisningsressursar og forsking, både for forskarar, studentar og andre som vil lære, eit viktig punkt. Vi må halde fram med digitaliseringa av kulturarven, og auke tilgangen til digitalt materiale for alle.
– Ei av dei viktigaste konkretiseringane av open tilgang og tilgang til digitalt materiale er helsebiblioteket.no, poengterer Lund, – der er tilbodet kraftig redusert dei siste åra, og det må gjerast eit løft for å sikre forskingsbasert helseinformasjon for både forskarar, studentar, kommunalt tilsette og folk flest, avsluttar Vidar Lund frå Norsk Bibliotekforening.