Prinsipprogram 2020-2022

Biblioteka gir tilgang til kunnskap, kultur og opplevingar, sosial og demokratisk deltaking, styrking av lokalsamfunn og samvær mellom menneske. Derfor må biblioteka vere i front når samfunnet endrast. Biblioteka bidreg til å oppfylle FNS bærekraftmål, og særleg når det gjeld tilgang til offentleg informasjon, teknologi og livslang læring.

1. Bibliotek, ytringsfridom og demokrati

Biblioteka er aktive bidragsytarar i eit moderne demokrati. Openheit, ytringsfridom og tilgjenge er grunnleggjande prinsipp for biblioteka. Publikum skal sikrast gratis tilgang til informasjon. Biblioteka skal vere ein uavhengig arena for meiningsutveksling.

2. Bibliotek som læringsrom

Biblioteka formidlar aktivt kvalitetssikra informasjon og forsking. Ved å fremje livslang læring bidrar biblioteka til å skape aktive, reflekterte, deltakande samfunnsborgarar, og eit godt fungerande samfunn.

Biblioteka formidlar oppleving, lek og læring, og tilbyr informasjon, litteratur, digitale verktøy og ressursar. Biblioteka gir kunnskap om korleis digitale tenester fungerer og bidreg til at folk finn fram på nett, beherskar kjeldekritikk og nettvett.

3. Bibliotek som møtestad

Biblioteka er møtestader i lokalsamfunna, og kan utvikle og fremje nye band mellom menneske. Dei er senter for naboskap, innbyggjardialog, frivilligheit, student- og forskarfellesskap så vel som for individuell fordjuping. Biblioteka ønskjer eit vell av aktivitetar velkomen: Lesing, læring, kulturopplevingar, samtalar, verksteder, kurs og debatt.  Biblioteka bidreg til at menneske sjølv kan produsere innhald og ikkje berre er forbrukarar.