Opning for tilgang til pliktavlevert materiale

På hovudstyremøte i dag, 17. mars, har NBF diskutert den alvorlege situasjonen rundt at norske folke- og fagbibliotek er stengt. Alle biblioteka prøver no å sikre tenestetilbodet best muleg digitalt. Fleire forlag har no opna for gratis tilgang til deira bøker og tidsskrift. Når dei fysiske bøkene ikkje er tilgjengelege, vil vi be Nasjonalbiblioteket om å opne tilgangen til pliktavlevert materiale for alle brukarane så snart som råd. Det vil vere det viktigaste tiltaket for at biblioteka skal kunne gjennomføre sitt samfunnsoppdrag i den vanskelege situasjonen vi no er inne i. Dette forslår vi berre for ein avgrensa periode medan biblioteka er stengde.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *