Litteraturpolitisk utvalg: Positive tendensar i ny bibliotekstrategi

Det er oppløftande at den nye bibliotekstrategien satsar på formidling. Skal regjeringa lukkast med sine ambisjonar, må og det følgje med ei større satsing på fagpersonane som skal sørgje for meir og betre formidling i og utanfor biblioteka.

Måndag 2. september lanserte Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet ein ny nasjonal bibliotekstrategi for 2020-23, Rom for demokrati og dannelse. Der den førre strategien frå 2015-18 handla om å gjere folkebiblioteka til debattarena og møteplass, er satsingsområda i den nye strategien i) Formidling, ii) Samarbeid og utvikling, og iii) Infrastruktur.

Litteraturpolitisk utval i Norsk Bibliotekforening ser fleire positive tendensar i den nye bibliotekstrategien. Det er viktig at formidling blir løfta fram som eit prioritert område frå statleg hald. Vi lever i ei tid med uoversiktleg informasjonsflyt, eit nyheitsbilete prega av falske nyheiter og algoritmar, og ei minkande leseinteresse mellom folk. Biblioteka har ein heilt sentral rolle når vi skal byggje samfunnet vårt vidare. Dei har kompetansen til blant anna å sortere informasjon, vere ei truverdig kjelde og inspirere til auka leseinteresse. Biblioteka har fagpersonar som kan og vil formidling, men dei må få tid og høve til å drive med det. Vi saknar meir konkrete tiltak på korleis regjeringa vil auke formidlingskompetansen i biblioteka og blant bibliotektilsette utover dei ansvarsområda dei gir til Nasjonalbiblioteket.

Det er bra at strategien slår fast at Nasjonalbiblioteket skal lyse ut eigne midlar til formidling for å «nå nye bibliotekbrukere, få flere til å lese og å øke utlånet». Vi meiner likevel det og er behov for nasjonale tiltak for å nå ei slik målsetting. Det vil styrke formidlinga i heile Noreg og gjere det lettare for til dømes mindre bibliotek med færre ressursar å ta i bruk nye formidlingsmetodar. For å nå nye brukarar, hevdar strategien at biblioteka «må tilby sine tjenester utenfor bibliotekrommet. Lesingen, litteraturen og biblioteket skal synliggjøres på arenaer der det er mulig å nå de gruppene som ikke leser eller bruker bibliotekets tjenester». Her vil vi understreke kompetansen og fleksibiliteten som finst blant dei mobile biblioteka. Dei har eit potensial som må styrkast. Mange bibliotek driv allereie med formidling også utanfor biblioteket, men det er og mange som manglar nok tilsette for å få det til. I ein travel kvardag med få ressursar er det ikkje så lett å prioritere formidling på andre arenaer. Strategien burde i større grad ha diskutert korleis vi kan løyse denne utfordringa på ein god måte for alle bibliotek, men særleg for dei små biblioteka.

Vår draum er at den uttalte satsinga på aktiv formidling frå regjeringa og Nasjonalbiblioteket si side har som mål å gjennomsyre og samle heile biblioteksektoren når det kjem til kunnskap om, og tilgjengelegheit og formidling av, litteratur i ulike sjangrar og til ulike målgrupper.

Av Litteraturpolitisk utval i Norsk Bibliotekforening

Åse Kristine Tveit, Rita Mundal, Stig Elvis Furset, Øystein Espe Bae og Ole Ivar Burås Storø