Arendalsuka: Bibliotek som by- og tettstadsutviklar

Kommunesamanslåingar vil føre til ei sentralisering av administrative tenester. I mange små lokasamfunn vil biblioteka vere den einaste offentlege tenesten. Då blir biblioteka enda viktigare som lokale møteplassar, for kanskje er allereie posten, banken og butikken borte. Eit moderne bibliotek vil bidra til by- og tettstadutvikling ved å vere ein viktig identitetsskapar og fysisk vere ein felles møtestad for innbyggarane.

Mariann Schjeide, leiar av Norsk Bibliotekforening, Pål Koren Pedersen, komitéleiar for kultur, miljø og næring i Arendal kommune og Martin Kristoffer Bråthen som er innovasjonssjef hos Biblioteksentralen samtalar om bibliotek som ein viktig del av det å skape gode lokalsamfunn.

Lars Egeland, nestleiar av Norsk Bibliotekforening og direktør for universitetsbibioteket ved OsloMet, vil leie samtalen på Arendal bibliotek tysdag 13. august kl. 14.00-15.00.

Arrangør: Norsk Bibliotekforening, NBF Agder og Arendal bibliotek