Foreslå kandidatar til Pådriverprisen 2020

Norsk Bibliotekforening delte ut Pådriverprisen for første gang i 2013 – til Anna Lena Westrum. I 2016 ble Anniken Bjørnes kåret til Pådriver.
Karen Birgitte Borud, eller BiblioteKAREN, fikk prisen i 2018. No leitar vi etter kandidatar til Pådriverprisen 2020.

Pådriverprisen delast ut til ein person som er

  • innovativ
  • kreativ
  • ein pådrivar i bibliotekfeltet

Pådriverprisen er modellert etter Movers & Shakers, som delast ut av Library Journal.

Premien er forutan heider, ære & stor åtgaum, ei dekka reise og opphald til Det 77. bibliotekmøte som er i Haugesund i mars 2020. Der får vinnaren også høve til å presentere arbeidet sitt.

Vi håper på mange spenstige og gode forslag på personar som vi veit finnast der ute, men som ikkje alltid er like synlege for kollegaer og andre i omverda. Sjå deg omkring. Veit du om nokon som driv med noko heilt spesielt som du meiner bør kome opp og fram i lyset? Ikkje nøl med å tipse oss og nominere!

Juryen består av:

Kristin Storrusten, tidlegare rådgivar hos NBF, no forfattar og journalist i Aftenposten.

Ingvild Herzog, dagleg leiar av Norsk Forfattersentrum

Morten Olsen Haugen, rådgivar ved Trøndelag fylkesbibliotek

Cicilie Fagerlid, postdoktor ved OsloMet

Forslagsfrist: 1. november

Vinner av Pådriverprisen 2018 Karen Birgitte Borud. Foto: Merete Haseth

Du kan også sende forslaget ditt til ce@norskbibliotekforening.no.