Det er nokre bøker ein må lese før det er for seint

Dette innlegget sto på trykk i Dagbladet 8. april 2019

Av Mariann Schjeide, leiar i Norsk Bibliotekforening

Det er nokre bøker ein må lese før det er for seint. Før ein har blitt for blasert. Før ein har sett alt, høyrt alt, opplevd alt. Før desillusjonane for alvor sett inn, før verda ikkje lenger er heilt ny. Før vi har blitt for trøytte. Før krusningane i nysgjerrigheita di har lagt seg. Medan evna til å lat seg begeistre fortsatt er der. Det kan vere avgjerande for kven du blir.

Vi har vore eit lesande folk. Lesing har vore vår personlege kulturelle kapital. Litteratur og lesing har til alle tider vore den kunstformen som har krevd mest av oss fordi vi måtte lage våre eigne bilde.

Slik er det ikkje med musikk og bildekunst på same måten. Før var velfylte bokhyller noko som vitna om eit rikt sjelsliv, utdanning, intelligens, intellektualitet, evne til abstrakt tenking og det å vere i stadig andeleg utvikling. I dag vil loppemarknader knapt ta imot bøker, bøker blir tatt vekk frå bilda i boligannonser, til naud kan dei bli snudd rundt slik at snittet vender ut og vi får eit einsarta preg. Og det verste: Det går ofte bra i livet med dei som ikkje les også.

Mine første vaksenbøker, dei første eg las sjølv, var i 12-13 årsalderen etter at læraren vår, frøken, hadde fortalt om dei for klassen medan vi åt skulematen vår. Frøken hadde ei lykt i handa si og viste veg der ho opna dører inn til løynde riker og menneske eg aldri hadde sett, aldri visst om, aldri hatt tilgang til. Andre skikkar, andre kulturar, levde liv.

Eg kom meg på biblioteket for eg måtte lese bøkene sjølv, sjå det som blei formidla med sjølvsyn, ha direkte tilgang. Så las eg desse bøkene av Vera Henriksen i ein stor jafs: Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen. Om den pur unge Sigrid frå Bjarkøy, søster til Tore Hund, som eg følgde gjennom heile livet. Om Sigrid som i ei brytningstid i Noreg gjekk frå å bere Torshammaren rundt halsen, men som på slutten av livet endte opp med å bytte han ut med krossen.

Då eg blei eldre og begynte å studere nordisk, fortalte eg ein av forelesarane om opplevelsen med Sigrid frå Bjarkøy. Men eg var ikkje førebudd på reaksjonen, det forsiktige overberande smilet. Det blei sagt at Vera Henriksen tok utgangspunkt i notidas etiske normer og mellommenneskelege forhold og putta dei ukritisk og medvitslaust inn i vikingtida sine historiske rammer.

Eg tok det personleg. Heile mitt litterære verdsbilde blei rokka ved, bøkene som omtrent hadde definert meg, vekt mi interesse for historisk litteratur, var lite verdt. Og det verste, no medan eg skriv dette, tenker eg: Kan eg ha gjort det same sjølv som bibliotekar? Har eg snakka ned bøker som har betydd noko for ungdommar? Det trur eg nok eg har gjort. I så fall bør det finnast ein eigen plass i helvete for bibliotekarar som meg!

På vidaregåande skule hadde eg andre forfattarar som mine favorittar. Når eg les dei opp att i dag, dikt av Sidsel Mørck og romanar av Gerd Brantenberg som eg den gongen fann fantastiske, finn eg dei no både overtydelege og nesten karikerte i sine personskildringar og tematikk. Når Brantenberg skulle skildre menn var dei nesten alltid stereotype drittsekkar, og Mørck si verd med unge åleinemødre var dyster og kompromisslaus.

Men desse historiene og dikta med feministisk tematikk var viktige for meg den gongen. Dei var viktig for ei jente på 16-17 år som skulle finne ut kven ho var. Etter kvart begynte eg å få meir lesetrening, eg blei med det også meir kritisk. Evnen til å lat seg begeistre sank omvendt proporsjonalt med at eg blei ein røynd lesar.

Men så oppdaga eg Sigrid Undset. På nytt og på nytt og på nytt. Møtet med Kristin Lavransdatter gjorde at eg såg kor fasettert litteratur kan vere på sitt beste. Som trettenåring var eg berre opptatt av om Kristin og Erlend fekk kvarandre fordi eg las Kransen utelukkande som ein kjærleiksroman, seinare såg eg morskapet, foreldrerollen, det umulege ekteskapet, banda mellom slektene, Kristin si personlege og andelege utvikling, hennar religiøse lengt og søken etter ro hos Gud. Og det vedunderlege språket til Sigrid Undset.

Barn og unge les mindre bøker enn tidlegare, det blir sagt at dei ikkje har intellektuell kapasitet for lange tekstar i ei verd der alt er så flyktig, så fort, og der emojiane fortrenger alfabetet som vi har klart oss med i tusen år. Det er så mykje vi skal sjå, høyre, svare på, gi reaksjonar på. Det er vanskeleg å finne roa.

Men når dei unge oppdagar ei bok som appellerer, om ho er skrive av ein bloggar eller ei Hollywoodfrue, så skal vi halde munn. Når dei blir begeistra over metaforar som snakkar til dei, når dei kjenner seg att, så skal vi halde tett om våre meiningar om klisjéar og platt språk. Lat oss applaudere lesegleden og deira evne til begeistring utan å trekke fram kva dei heller burde ha lese. For då kan vi risikere å øydelegge alt. Det er kulturelt snobberi, og det er øydeleggande.

Min nittenårige son skulle skrive særoppgåve i norsk. Som bibliotekar har eg vore rådgivar for mange unge i val av tema og tekstar, men med eigne barn blir det personleg. Han endte opp med Ut og stjæle hester av Per Petterson. Eg ga han mi eiga bok, skreiv namnet hans med ei helsing inni. Gjorde det eg kunne for å gjere det lystbetont. Eg spurde han etter ei tid korleis det hadde gått, og han snakka begeistra om si store leseoppleving med boka.

Alt dette snakka vi om i vintermørkret i bilen og sjølv måtte eg knipe vekk ei tåre. Eg kan ikkje kome på noko meir magisk enn å oppdage at litteraturen finn deg for kanskje for første gong, at det gir ein gjenklang i deg, sjølv om du ikkje personleg har opplevd noko av det det blir skrive om. Fascinasjonen over andres liv, evna til innleving og forståing utviklar oss som menneske.

Eg las Henriksen sine bøker med ein trettenårings referanserammer, hovud, kjensler og nysgjerrigheit. Eg var åleine blant venninnene mine om å vite kva ei frille og ein skald var, kva jærteikn tydde og den symbolske tydinga av husfrua sitt velfylte nøkkelknippe.

Tidlegare tenkte eg at eg ikkje ville lese opp att Vera Henriksen ut frå respekt for henne og den ho var for meg i viktige år. No tenker eg ikkje lenger slik, no vil eg ikkje lese opp att bøkene av respekt for meg sjølv og den unge jenta eg eingong var. For eg las dei medan verda enno var ny.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *