Korleis få erfaring utan erfaring?

Eg hugsar då eg søkte min første bibliotekarjobb. Som blodfersk bibliotekar hadde eg ikkje mykje relevant å skryte av i porteføljen og på cv-en.

Tekst: Mariann Schjeide, leiar av Norsk Bibliotekforening

Denne står også på trykk på medlemssidene fra Norsk Bibliotekforening i Bok og Bibliotek 1-2019

Mariann Schjeide. Foto: Marit Brunstad

Eg trur eg nemnte både at eg hadde vore elevrådsleiar, barnepassar og hamburgerseljar i tillegg til ekstrajobben på sjukeheim. Referansane eg hadde som barnepassar for naboen eller godteriseljar i kiosken heime var ikkje noko eg la ved søknaden. Mange år seinare som biblioteksjef var eg van med å ha unge og nyutdanna kandidatar til intervju på diverse stillingar. Og eg hugsar eg sa noko om manglande erfaring til eit ungt, nyutdanna menneske som sat nervøs på andre sida av bordet, og svaret kom raskt og overraskande ampert: «Korleis skal eg få erfaring om ingen vil gi meg denne erfaringa?». Eg blei overrumpla og svar skuldig. Tilsetjinga skulle vise seg å vere veldig smart og til stor glede og nytte for biblioteket.

Ikkje alle kan ta sjansen på å vere tøff og direkte i eit intervju. Det står så mykje på spel. Men til deg som har tilsettingsmynde: Når signerte du sist arbeidskontrakt med ein heilt nyutdanna bibliotekar? Hang du deg, som meg, opp i den manglande erfaringa? Såg heller ikkje du kva han eller ho kunne bidra med av ungdommeleg mot, nytenking, eit nytt blikk, ei oppdatert og ny utdanning? Vi ser ikkje mange nyutdanna ferske bibliotekarar rundt om på møte eller konferansar. Dei blir ofte ikkje prioritert for å få reise. Dei kjenner seg kanskje heller ikkje, i verste fall, så veldig velkomne. For vi finn ofte våre eigne når vi skal setje saman ein komité, ei arbeidsgruppe eller få folk inn i styre og stell. Den vi jobba i lag med sist, dei vi studerte saman med, og så vidare. Folkens, vi må skjerpe oss!

Eg har hatt nokre studentar i praksis gjennom åra, og eg har sagt til dei at eg gjerne kan vere referanse når dei skal begynne å søke jobbar for alvor. Det er alltid muleg å seie noko positivt om nokon, sjølv på eit spinkelt grunnlag. Og eg har heilt nyleg erfart at det kan vere utslagsgivande for at ein nyutdanna får sin første bibliotekarjobb.

Sist, men ikkje minst: Vi som er bibliotekarar har eit ansvar på å vere med på å løfte fram våre nye unge kollegaer. Dei som skal bringe biblioteka framover inn i ei ny tid, dei som skal vere med på endringar som vi ikkje har sett førebels. Vi må setje mot i dei, og vi må gi dei tiltru til at dei kan klare oppgåvene vi gir dei. Så kjenner du ein nyutdanna bibliotekar eller nokon som er i ferd med å bli det? Tilby deg å vere referanse på ein CV. Det er lite for deg, men kan bety alt for ein fersk bibliotekar.