Haram folkebibliotek – Billig modernisering med gjenbruk

Haram folkebibliotek har flytta inn i nye midlartidige lokale i Brattvåg. Interiøret inneheld blant anna avkapp frå skipsdekk og kabeltromblar. Ønsket var å få til eit bibliotek som viste fram den lokale identiteten og industrisamfunnet i bygda.

Tekst: Lisa Alvestad, biblioteksjef ved Haram folkebibliotek

Artikkelen står også på trykk på medlemssidene fra Norsk Bibliotekforening i Bok og Bibliotek 1-2019

Sjølvgjort

Lisa Alvestad er biblioteksjef ved Haram folkebibliotek.

I biblioteket i Brattvåg har personalet sjølve gjort mesteparten av arbeidet med interiøret. Veggane vart måla i mørke duse fargar som gir lokalet eit roleg preg. Hyllene er dei gamle, falma og av fleire årgangar. Ved å nytte «søppel» frå industrien og slik skape ein avslappa og rustikk stil, skil ikkje lenger hyllene seg negativt ut. Ein møbelsnekkar hjalp oss å nytte metalldelane frå skipsverftet og pallekarmar til nye hyller, utstilling og bildebokkasser.

«Kreativiteten er valutaen»

Materialkostnaden var om lag null. Arbeidsklede frå lokale bedrifter har blitt til puter i pallesofaen. Lysekrona over sofaen er eit kopparrøyr, omkransa av sveisegasstråder. Flyttinga har sørga for blest kring biblioteket, og utlånet og besøkstala går oppover. Ein treng ikkje eit nybygg for å få til denne auken. Kreativiteten er valutaen.

Frå loftet til gatenivå

Lokalet vårt var på eit loft i kjøpesenteret i over 20 år. Folk måtte opp ei trong trapp og utstillinga viste ikkje utanfrå. No er vi på bakkeplan med vindauge i heile fronten, og folk stikk innom fordi det ser koseleg ut. Mange trur at lokalet er større, og fleire har kommentert at vi har mykje bøker. Sanninga er at lokalet er mindre, og vi har kasta ein tredel av samlinga. Lokalet er luftigare, samtidig som det er koselege sitteplassar rundt om. Organiseringa er også endra. Vi tenkjer meir som ein butikk med innreiing og plassering. Fleire finn fram sjølv enn før. Fagavdelinga er oppdelt meir tematisk og er spreidd i lokalet. Ein kategori har vi kalla «hobby». Her har vi strikkebøker, sybøker, snekring og måling. I Haram er det stor maritim industri, så vi har ei «til sjøs»-hylle med bøker om båtar og kystkultur. Vi skal få på plass eit par VR-briller. Folk skal kunne sjå reisemålet og drøyme seg vekk. Kundeservice er noko vi set svært høgt. Kundane er godt vande og dette vil vi oppretthalde. Det er enormt viktig at de trivst.

Reiseavdelinga: På eine veggen er det eit stort kart. Foto: Lisa Alvestad

 

Etter skuletid

Kvar dag etter skuletid kjem det ein storm inn døra frå barneskulen og ungdomsskulen. Dei gjer lekser, speler data og brettspel. Biblioteket er den kule hengeplassen i tettstaden no. Ungdomsavdelinga er noko vi har prioritert, men med gjenbruk her også. I eit industriskap er det brettspel, hobbysaker og makerspace-utstyr som strawbees og littlebits.

«Biblioteket er den kule hengeplassen i tettstaden no.»

Snart startar vi opp ungdomsklubb, biblU. Først ut er biblU kreativ med littlebits, sponsa av fylkesbiblioteket. No i haust fekk vi innvilga 950 000 kroner frå fylket til eit pilotprosjekt i makerspace i alle biblioteka i nye Ålesund kommune. Kommunen er ikkje i drift før i 2020, men vi førebuar oss på samanslåinga med ei stor felles satsing i biblioteka. Vi skal også drive vår eigen bibliotekpodcast gjennom året. Vi går spanande tider i møte.

Ungdomsavdelinga: Ei dør frå det gamle biblioteket er no bord. Foto: Lisa Alvestad