Biblioteksjefane sitt ansvarsområde

Omorganiseringar i kommunane og kommunesamanslåingar gjer at fleire og fleire biblioteksjefar opplever å bli fråtekne oppgåver, eller blir tillagt oppgåver som ikkje naturleg høyrer inn under biblioteksjefens fagområde. Det kan vere innan område som budsjett og rekneskap, men også innan personalansvar. Arbeidsoppgåver blir flytta og endra, saker som før blei behandla politisk får i staden gjerne ei administrativ behandling. Det gjer det også vanskelegare å følgje med og få innsyn.

Bibliotekarforbundet, Kulturforbundet i Delta, Fagforbundet og Norsk Bibliotekforening har fleire biblioteksjefar som har kontakta oss rundt dette, og det begynner å danne seg eit mønster. Vi har derfor laga ein plakat for biblioteksjefar som vi ønskjer skal bidra til klargjering, og samstundes vere eit hjelpemiddel for biblioteksjefane forankra i tolv punkt med utgangspunkt i lovverket.

Opplever du problematiske endringar i din kommune? Kontakt oss så tidleg som muleg, så vil vi hjelpe.

Dokumenter

Biblioteksjefplakaten-2019

Lov om folkebibliotek (folkebibliotekloven)