Norsk Bibliotekforenings stipend til IFLA 2019

IFLA sin verdskongress 2019 (WLIC2019) skal haldast 24.-30. august i Aten, Hellas, og Norsk Bibliotekforening ønskjer i 2019 å bidra til at fleire norske bibliotektilsette får høve til å delta her.   

 

World Library and Information Congress er ein unik arena for kompetanse- og nettverksbygging. Norsk Bibliotekforening lyser ut tre stipend som skal gå til å dekkje deltakaravgifta. Stipendmottakarane må dekke ytterlegare kostnader til reise og opphald frå andre kjelder. Bibliotektilsette, personlege medlemmer av Norsk Bibliotekforening, frå alle typar bibliotek er velkomne til å søkje. I tildelinga vil det verte lagt vekt på å støtte bibliotektilsette som viser interesse for å halde fram med arbeid i IFLA, og særleg kollegaer som er tidleg i karrieren.

Stipendmottakarane skal, innan 01.10.2019 skrive ein rapport som vert presentert på våre nettsider eller i andre kanalar.

Retningslinjer for søkjarar:

  1. Søkjaren må vere personleg medlem av Norsk Bibliotekforening.
  2. Føremålet for stipendet i 2019 er å utvikle fagleg kompetanse og nettverk gjennom deltaking på IFLA WLIC2019 i Aten, Hellas. Søknaden må innehalde ei grunngjeving av korleis deltakinga vil gje kompetanseheving og nettverksbygging for søkjaren. Kva grupper/område er søkjaren mest interessert i, og korleis ein tenkjer å arbeide vidare med feltet framover.
  3. Stipend kan berre verte tildelt einskildpersonar.
  4. Stipendmottakarane skal levere skriftleg rapport til NBF innan 01.10.2019.
  5. Søknadsfrist 31.01.2019 og søknaden sendes ce@norskbibliotekforening.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *