Nominasjonar til Årets bibliotek 2018

Ein jury nedsett frå Norsk Bibliotekforening har no nominert tre bibliotek til heidersnemninga «Årets Bibliotek». Prosessen med å velje eit bibliotek som utmerkar seg er alltid krevjande, og det var mange gode kandidatar.

Både Troms fylkesbibliotek og Trøndelag fylkesbibliotek har utvikla særleg gode tenester rundt samiskspråkleg litteratur. Musikkavdelinga ved Bergen Offentlige Bibliotek har også utmerka seg med sin spesialkompetanse og evne til nytenking rundt musikkformidling. Horten er eit bibliotek som har gått frå å vere gløymt av lokalpolitikarane til å bli eit strålande døme på kor viktig eit bibliotek kan vere i byutviklinga.

Stormen bibliotek, Longyearbyen bibliotek og Deichman Stovner er nominerte til den gjevaste prisen eit bibliotek kan få. Vinnaren blir annonsert 10. januar 2019.

 

Alle desse tre kandidatane er representantar på by- og stadutvikling på kvar sin måte, både i form og når det gjeld storleik. Fellesnemnaren for desse tre biblioteka er at dei har skjønt sin rolle som biblioteket som den tredje staden, ikkje ute og ikkje heime. Staden der du ikkje berre er forbrukar, men også borgar.

Juryen består av:

Sven Egil Omdal, journalist og samfunnsdebattant

Mette Møller, generalsekretær i Forfatterforeningen

Runar Gudnason, musikar, vokalist i Side Brok

Reinert Mithassel, Biblo Tøyen, fjorårets vinnar

Mariann Schjeide, leiar Norsk Bibliotekforening

Les meir om Årets bibliotek 

Juryens grunngjevingar

Stormen bibliotek

Stormen bibliotek er eit fyrtårn som ikkje berre lyser opp Bodø, men regionen rundt. Det har inspirert også mindre kommunar rundt som ser bibliotek som ein viktig aktør i si stadutvikling. Sidan opninga for fire år sidan har Stormen etablert seg som eit naturleg samlingspunkt og møteplass for folk i og rundt Bodø. Faktisk er besøkstalet firedobla sidan opninga.

Stormen er eit kulturkvartalet, der samarbeid med andre var tenkt på allereie frå byrjinga av. Dei har ein eigen koordinator som planlegg, utviklar og gjennomfører arrangement. Stormen har også vore vertskap for tv-overførte valsendingar og for litteraturprogrammet «Brenner». Det er med på å ytterlegare setje biblioteket på kartet.

Stormen bibliotek i Bodø. Foto: Ernst Furuhatt

 

Longyearbyen bibliotek

Svalbard er ein del av Noreg, men like fullt ei øy langt ute i havgapet i eit ugjestmildt klima. På Svalbard er det heller ingen bokhandel. I Longyearbyen bur det vel 2000 innbyggarar, og i 2017 fekk byen nye biblioteklokale som har blitt både ein kjærkomen møteplass for dei fastbuande, men også ein turistattraksjon med sine vindauge som fungerer som utstilling ut mot gata. Som det blei skrive av ein av forslagsstillarane: «Det er godt å gå dit og vere der». Og Longyearbyen bibliotek tek tak i det særeigne med Svalbard og koplar friluftsliv og natur saman. Dei har mellom anna samarbeid med Polarjazz-festivalen, og konsertar er naturlegvis gratis. Det vesle biblioteket arrangerer også sin eigen litteraturfestival! Biblioteket greier også å halde meirope, altså det er ope for brukarar å låse seg inn utanom ordinær opningstid. Det er heller ikkje slik at Svalbard sit på meir midlar til bibliotekdrift enn andre, men også her har samarbeid med andre aktørar vore viktig for å kunne gjennomføre arrangement. Og som alltid når ein stad satsar på biblioteket sitt i form av nye lokale; besøket har også her i Longyearbyen fordobla seg.

Longyearbyen folkebibliotek. Foto: Eva Grøndal

 

Deichman Stovner

Dette biblioteket flytta inn i Stovner senter i januar 2018. Konseptet var «det sosiale biblioteket». Skepsisen var stor til å flytte eit bibliotek inn i eit kjøpesenter, men ein del av tanken bak flyttinga var å møte folk der folk er. For etter at biblioteket flytta har besøket auka til det tredobbelte, og i løpet av dei ni første månadane hadde biblioteket rundt 400 større og mindre arrangement.

Dette er god stadutvikling. Stovner er ein bydel med sosioøkonomiske utfordringar. Satsinga på Deichman Stovner og flyttinga av det, har gjort at folk i bydelen kjenner på stoltheit og glede over bydelen og biblioteket sitt. Biblioteket har blitt ei storstove for dei som bur på Stovner. Det blir arrangert jobbsøkarkurs for ungdom, norskhjelp, leksehjelp, makerspace, frukostar og politiske samtaler. Som bibliotekdirektør Knut Skansen sa: biblioteket i kjøpesenteret er blitt det nye Vinmonopolet. Dei burde ikkje ein gong betale leige, så mykje folk som dei trekker til Stovnersenteret.

Deichman Stovner. Foto: Marco Heyda

 

Norsk Bibliotekforening

Norsk Bibliotekforening er ein interesseorganisasjon for alle som synest bibliotek er viktig. Vi kjempar for alle typar bibliotek og alle slags bibliotekbrukarar. Vi har 3200 medlemmar. Vi arbeider for at politikarar og media skal forstå kor viktig bibliotek er.

Kontakt

Cecilia Elsen, rådgivar i Norsk Bibliotekforening ce@norskbibliotekforening.no, 23 24 34 38

Mariann Schjeide, leiar i Norsk Bibliotekforening ms@norskbibliotekforening.no, 415 44 647