Bibliotek i statsbudsjettet

No er vi ikkje i bibliotekverda akkurat bortskjemde med å kunne rope hurra for eit statsbudsjett, men der er vi vel i godt selskap. Eit statsbudsjett har samla sett lite å bety for biblioteka i kommunane rundt om i landet. Det er kommunane som eig folkebiblioteka, men vi ser likevel nokre overordna føringar for kva regjeringa tenker om bibliotek som idé og institusjon, både på folke- og fagbibliotekfeltet.

Det er gledeleg at regjeringa no endeleg går inn for momsfritak på e-bøker og elektroniske tidsskrift. Vi vil også berømme forslaget om å bevilge 30 millioner til Nasjonalbiblioteket til Bokåret 2019, sjølv om vi jo har fått signal om dette ei stund frå kulturministeren og nasjonalbibliotekaren.

Norsk Bibliotekforening vil uttrykke bekymring for kva som ligg i forslaget om ein ny kulturklov, særleg om vi vil kome til sjå ein biblioteklov som vil bli ein del av ein felles kulturlov. Dette fordi det svakaste leddet i biblioteklova i dag er setninga om at det skal vere eit bibliotek i kvar kommune. I samanheng med ein ny kommunestruktur kan dette i verste fall kan gjere at biblioteka rundt omkring blir lenger unna folk der dei bur. I det store bildet blir det også spennande å sjå kva den nye Kulturmeldinga vil seie.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *