Stem på ein bibliotekpolitikar!

Før kommunesamanslåingar og nye kommunebudsjett er det naudsynt at folk ser kva som eigentlig skjer med grunnmuren i demokratiet.

Mariann Schjeide, leiar i Norsk Bibliotekforening

Kulturutredninga 2014 slo fast at biblioteka er grunnmuren i demokratiet. Dei tekniske løysingane og infrastrukturen til folkebiblioteka gjer at dei sparer kostnader og gir stordriftsfordelar i kommunane. Med andre ord: Ting ligg til rette for at du skal få eit godt bibliotek, som samtidig er gunstig for kommunen.
Likevel informerte Anne Enger, som leia Kulturutredninga 2014, om at bibliotek er ein av dei store taparane etter Kulturløftet.

11187408_888906984504456_489232060828887039_oNye tal viser nedprioritering
Norsk Bibliotekforening er ein interesseorganisasjon for bibliotek og biblioteket sine brukarar. Vi er ikkje bekymra for folkebibliotekutviklinga – vi er beint fram aggressive. No har vi funne tal som viser at folkebiblioteka har vore kraftig nedprioritert dei siste femten åra. Dette er ikkje negativitet og sutring frå vår side, det er eit faktum som er særs alvorleg. Vi har ei regjering som er offensive på biblioteka sine vegne, men den kommunale sjølvråderetten er svært sterk. Og det er i kommunane det skjer (seg).

Biblioteka sin del av dei kommunale kulturbudsjetta har gått ned med ein tredjedel. Dette går ut over opningstider, arrangement og tilbodet til dine born og naboar. Det er færre tilsette i biblioteket som kan hjelpe deg å finne frem og lære bestemora di å chatte og levere sjølvmeldinga digitalt.

Bibliotek er god butikk
Å satse på bibliotek er god økonomi. Kvar krone til biblioteka gir fire kronar tilbake – så mykje verdsett folk faktisk biblioteket sine tenester. Ny dansk forsking viser at bibliotek gir overskot på bruttonasjonalproduktet, mellom anna på grunn av digitalisering og utdanning. Bibliotek er ikkje eit luksusprodukt eller noko politikarane ”tek seg råd til”. Bibliotek er faktisk ein billig måte å drive gode kommunar på.

Digital og språkleg integrering
Alle veit at biblioteka gjør ein stor innsats for å fremje leseglede hos barn. Det gir gode lesarar, som igjen gir meir høgare utdanning. Og på universiteta følgjast dei opp på internasjonalt nivå med databasar og veileiding frå – nettopp – biblioteket.

Stadig fleire bibliotek tilbyr digital opplæring i ein stadig meir digital kvardag. Eit nasjonalt mål er at alle offentlege tenester skal digitaliserast. Biblioteka tilbyr ein unik infrastruktur for digital opplæring. Det er inga skam knytt til å spørje bibliotektilsette om hjelp – det er jo det dei er der for.

Fleire menneske kjem til Noreg med eit anna førstespråk. Biblioteka er ein viktig møtestad og ein stad for opplæring. Språkkafé er eit gratis tilbod kor innvandrarane kan trene på å snakke norsk. Dette tilbodet blir stadig meir populært. Men du kan ikkje klemme vatn ut av gråstein. Bibliotek må ha ressursar for å tilby desse tenestene.

Bibliotek i valkampen
Ofte ventar folk nesten til det er for seint med å seie ifrå. Når budsjetta vert lagt fram og dommen om kutt er ein realitet, då reagerer folk på det som skjer. I år skal du velje dei lokale politikarene som bestemmer i din kommune. Dei skal avgjere viktige spørsmål om kommunesamanslåinga.

Dermed er det mogleg å vere på offensiven. Vi vil at dine lokalpolitikarar skal ha bibliotek og bibliotekpolitikk langt framme når dei vedtek kommunepolitikken. Det kan vi klare med di hjelp. Om du fortel dine politikarar at biblioteket betyr noko for deg, er det vanskelegare å kutte i det.

Finn ein bibliotekpolitikar
Einkvar politikar kan vere ein bibliotekpolitikar, uavhengig av politisk farge. Det er minst like viktig for Frp at folk flest får eit godt tilbod, som det er for partiet Rødt å skapa eit friare samfunn for arbeidarane. Demokrati og ytringsfridom har ingen politisk farge. Bibliotektilbod har ingen politisk farge. Og alle politikarar er opptekne av at folk i lokalsamfunnet dei tener skal ha gode møteplassar. Når bank, post og butikk blir borte, kan biblioteket meir enn nokon gong vere den møtestaden.

Dei fleste politiske parti manglar ein bibliotekpolitikk, rett og slett fordi dei ikkje har tenkt over kor viktig biblioteket er. Du som skal stemme 14. september kan lese i valprogramma og spørje dine politikarar kva de ønskjer med biblioteket. Politikarar som ønskjer seg fornøyde veljarar og betre kommuneøkonomi ønskjer seg bibliotek.


Ei forkorta og hordalandisert versjon av dette lesarinnlegget sto på trykk i Bergens Tidende på valdagen 14. september 2015.

1907772_888910934504061_7614348474080048749_n