Nominert til Årets bibliotek: – Bibliotek på rett kjøl

Årets bibliotek 2013Bokbåten Epos jubilerer i desse dagar etter femti års fjordafart i dei tre nordlegaste vestlandsfylka. Samtidig som han er ein av tre nominerte til Norsk Bibliotekforenings pris Årets bibliotek. Bibliotekforum borda Epos i Tysnes i Sunnhordland under det siste toktet for året.

Tekst og foto: Anders Ericson

Det finst ein bokbåt også i skjergarden ved Stockholm, og vi har sett eit foto av ein bibliotekkano på ei elv i Venezuela. Men seglande bibliotek er verkeleg sjeldne og eksotiske. Eksotiske er også dei rundt 160 stoppestadene til Epos, i alle fall for Bibliotekforum sin Østfoldbaserte reporter. Stoppa til bokbåten er mange av dei heilt små samfunna langs kysten og på øyene, men også litt større plassar som ikkje har eigne bibliotektilbod. Vi kunne dessverre berre velgje éin av dei 160 stoppa, Bruntveit på øya Reksteren i Tysnes kommune.

Det er ein søndag i slutten av november. Bileta vi tar under ferjeturen, over den vide Bjørnafjorden til Våge på Tysnesøy, kunne gått rett inn i ein reiselivsbrosjyre. Vêret er eksemplarisk; sol og vindstille og temperaturen litt under null. Dei furu- og fjellrike øyene i alle retningar har nysnø på toppane. Folgefonna skil seg ut som ein blendande kvit vegg i aust.


Mannskapet på Epos på denne turen, frå venstre bibliotekar Marit Hass, skipper Kjell-Atle Fredheim, kokk og maskinist Ole Michael S. Erland, klovn Knut Berntsen og bibliotekar Nina Edvardsdal.

Filialane som forsvann

Den tidlegare ferjestaden Bruntveit ligg mindre enn fem mil sør for Bergen i luftline, men å kome dit med bil krev skikkeleg planlegging og to og ein halv time medrekna ferjeturen. I dag går det berre ein liten skyssbåt til Bruntveit, ein såkalla «skule- og pendlarbåt» to gongar om dagen og ikkje i helgene. Mykje av transportbehovet er flytta over til bilvegen etter at brua hit blei opna i 1971. Men veg er så mangt. Reksteren er dei tusen svingars land. Til og med brua har krok på seg. Men utan ein slik geografi hadde vel ikkje bokbåten hatt stopp der.

Det er berre omlag 250 fastbuande på den faktisk milelange øya. Alle skuleungane og dei fleste yrkesaktive må kvar dag inn til administrasjonssenteret Uggdal eller til handelssenteret Våge. Her ligg blant anna det einaste attverande folkebiblioteket.

Som vanleg må vi gjere noko research i etterhand, og etter ein epost til Knut Rage, biblioteksjefen i kommunen, veit vi at alle dei fire filialane blei nedlagde då nytt hovudbibliotek sto ferdig i 2004. Nedlegging er den typiske lagnaden for norske bibliotekfilialar. Trass i at biblioteket på Reksteren dei siste åra faktisk hadde avansert frå einsemda i eit gamalt skulehus til å bli kombinasjonsbibliotek ved den nye skulen. Inntil skulen, ifølgje kommunen si heimeside, blei «midlertidig nedlagd» få år seinare, i 2011. Men den lokale bokbåtkontakten på Bruntveit gjev ikkje inntrykk av anna enn at denne nedlegginga er endeleg.

Rage skriv til oss: «Filialen på Reksteren var nok ein av dei aller siste av dei «gode, gamle» bygdebiblioteka som forsvann i Hordaland». Hermeteikna er hans eigne. Men han presiserer i neste epost at dei små også hadde noko føre seg: «Eg trur at det framleis ville hatt sin misjon med eit mikro-bibliotek i nabolaget».

Ein av lånarane gjev oss inntrykk av at også dei vaksne heldt fram med å bruke det som frå 2004 offisielt berre var eit skulebibliotek. I ein slags sivil ulydigheit? Vaksenbøkene hadde dei kanskje ikkje ressursar til å fjerne. Om det stemmer eller ikkje, så har vi høyrt liknande historier før. Leselyst lar seg ikkje stoppe!

Årets bibliotek 2013: Bokbåten Epos
Epos til kai i Bruntveit

Kollisjon med cupfinalen

Vi svinger ned på kaia på Bruntveit like før dagens førestilling skal starte. Det er rundt tjue tilhøyrarar i den romslege salongen midtskips. Halvparten er born og ungdomar og elles mødrer og ei bestemor eller to. Helgestopp skil seg frå stopp på vekedagane, seier dei ombord. I veka kjem skuleungane, i helgene heile familiane. I dag er det likevel berre éin mann å sjå, men så er det midt under cupfinalen, og bibliotekar Nina Edvardsdal må vedgå at sjølv om korkje Brann eller Haugesund kom til Ullevål i år, så har slike kollisjonar ofte noko å seie for frammøtet. Men ofte må dei gje to førestellingar for å få med alle.

Nina er tilsett ved biblioteket i Lindås, kommunen i Nordhordland som på oppdrag frå fylkesbiblioteket har utført bokbåtdrifta i Hordaland dei siste par åra. Marit Hass er den andre bibliotekaren på denne turen. Ho jobbar til dagleg ved biblioteket inne i Kvinnherad, blant anna på den lokale bokbussen. Marit er også i styret i Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe for mobil bibliotekverksemd, Mobilis. På Epos er ho no i det tredje vikariatet sitt og sikrar at vaktplanen går i hop. Ho er ein av dei mange som ønskjer å jobbe på bokbåten, og som er så heldig at ho har fått plass: – Alle turane med Epos har for meg vore unike opplevingar! Folk blir jo så glade av å få vitjing av Epos!

Seriøs klovn

Det er alltid med «ein kultur» på toktene til Epos. «Ein kultur» er bokbåtsk for ein profesjonell kunstnar eller forfattar som les opp eller underheld på ulike måtar. Denne gongen er det ein verkeleg Eposveteran som står for kulturinnslaget. Heilt sidan 1982 har Klovnen Knut, til dagleg Knut Berntsen, vore med på Epos. I alt 18 turar, står det i jubileumsheftet som kom i år. Knut er klassisk klovn, tryllekunstnar, sjonglør, buktalar og ein råtass med replikkane. Men ein seriøs kunstnar, dét konstaterer vi med det same, og med stor respekt for publikum av alle aldrar. Dei vaksne har det like morosamt som dei unge. Klovnen tar seg også tid til å pushe gode bøker.

Bokbåten Epos: Klovnen Knut
Klovnen Knut i gang med (for)tryllinga

– Eg har sett kvar einaste førestilling på denne turen, seier Nina. – Og alle har vore forskjellige. Eg har hatt like moro kvar gong. Han Knut er aldri lik seg sjølv.

Dei første åra måtte «kulturane» også ha noko å tilby vaksne. I jubileumsheftet kan vi til dømes lese at forfattar og NRK-journalist Bjørn Nilsen føregreip det no høgaktuelle «debattbiblioteket» alt i 1971, då han under ein stopp langs Sognefjorden improviserte eit debattmøte ombord. Temaet var ein lokal plan om ny vegtunnell. Seinare blei det levande kulturtilbodet mest retta mot born. Bokutvalet er også mest for dei yngre. Mange stopp er i dag knytte til skular, som supplement til skulebiblioteka. Vaksne har trass alt lettare for å kome seg til stasjonære bibliotek.

Endringar på bygdene

Mykje er annleis enn for femti år sidan, også samfunna som Epos vitjar. – Det er ikkje mange igjen av dei heilt veglause stoppestadene, seier Kjell-Atle Fredheim. Han har vore ein av skipparane ombord i sju år. Då var mange av stoppestadene veglause. Det fantest knapt ferjekaier, berre kaier for rutebåten. Bokbåten la til ved små private brygger og fiskebuer. Men då hadde desse samfunna eigne skular og bibliotekfilialar. I dag har mange fått veg, men mykje anna er lagt ned.

Bokbåtverksemda starta i Hordaland i 1959 med «Abdulla». Tenesta blei så populær at ein etter fem turar måtte finne ein større båt. «Fjord Guide» blei leigd inn i 1962, og i 1963 blei den spesialbygde  «Epos» sett i drift. Stortinget løyvde halvparten av driftsmidlane slik at tenesta kunne utvidast til Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal hausten 1964.

Men statstilskott er det slutt på for lengst. No er det fylkeskommunane, ved fylkesbiblioteka, som står for bokbåtrutene i kvar sine fylke. I haust har Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane hatt sine to til tre veker kvar, før turen kom til Hordaland. Bibliotekpersonalet, mediesamlingane og «kulturane» blir skifta ut frå det eine fylket til det neste. Sjøfolka er tilsette hos reiarlaget Vinnes skyssbåtervice AS og er med på tvers av fylkesgrensene. Om sommaren er Epos turistbåt.


Litterær utsikt

Korleis dei tre fylka administrerer og finansierer drifta varierer. Men politikarar i dei ulike fylka har ved nokre høve spurt seg om bokbåt har livets rett i dag. Det har vore forslag om å trekkje seg ut, men med eitt unnatak har protestar frå brukarane hindra det. Møre og Romsdal var utan tilbodet i 2000, men motstanden hadde vore så stor at året etter kom dei med på ruteplanen igjen. Fleire ordførarar hadde då reagert kraftig, og ei rad lokalaviser hadde gjort reportasjar frå den siste vitjinga.

Det er som juryen for Årets bibliotek skriv i grunngjevinga si for nominering: «Epos skapar stort engasjement. Han har vore lagt ned, men har kome att og spreier leselyst og opplevingar alle stader han ferdast».

Bruntveit ligg på austsida av Reksteren og er ein relativt roleg plass når hamnane på dei ytre øyene har uvêr. Berre eit par dagar tidlegare måtte Epos gje opp å kome inn til Telavåg ute på Sotra. Og Marit vedgår at ho berre dagen før Bruntveit blei sjuk på tur til Kolbeinsvik i Austevoll. Ho måtte ta seg dyktig saman for å utføre oppgåvene sine under dette stoppet. Telavåg og Hernar, ei øy i Øygarden nord for Bergen, er dei to mest utsette stadane for kansellering grunna dårleg vêr. Men i haust gjekk det bra på Hernar, seier Kjell-Atle. Som mange andre stader i jubileumsåret kom folk med kake. På Hernar var det eplekake, den hugsar han godt.

Noko for alle

Magnhild Frøkedal er ei av dei godt vaksne lånarane på Epos denne føremiddagen, og ho vedgår at det er første gongen ho er på båten. Men det blir ikkje siste. Ho har famna full av bøker. Ho har funne att ei av dei gamle seriene som ho hadde vore med på å lese i filler i det lokale biblioteket.

Bokbåten Epos: Magnhild Frøkedal
Magnhild Frøkedal vedgår at det er første gongen ho er på båten, men det blir ikkje siste

Bibliotek har mykje å seie for mange, men på ulike måtar. Nina fortel om ein kjend advokat som hevdar at han aldri hadde kome så langt i livet om det ikkje hadde vore for bokbåten. Bokbåten to gongar i året kan ha noko å seie når ein ikkje har så mykje anna tilbod. No skal det seiast at det er vanleg med utplassering av bokdepot på lokale butikkar og andre stader, der gjerne 2-400 bøker blir grundig lånte og lesne i løpet av det påfølgjande halvåret. – Slike lokale ordningar er viktige, seier Nina. «Utlånsystema» er enkle, men det fungerer.

– Vi er opptatte av å kunne formidle skikkeleg, understreker Nina. – I dag har det vore enkelt, med berre drøygt tjue lånarar, men førre dagen hadde vi over hundre på ein stopp, og det var kaos!

Men halvannan time er gått og bokbåten skal vidare, til Lunde nord på Tysnesøy. To eller tre stopp på ein dag er ganske vanleg. Nokre dagar på ruta har opp til fire. Så ut mot den blikkstille fjorden stemner store vesle båten under dei høge fjella.

 

Fakta om Epos:

Stopp  2012

Hordaland: 51 (2 doble grunna stort besøk)
Sogn og Fjordane: 40
Møre og Romsdal: 59

Utlån 2012

Hordaland: 18.408
Sogn og Fjordane: 14838
Møre og Romsdal: 15537

Besøk 2012

Hordaland: 3005
Sogn og Fjordane:  2260
Møre og Romsdal: 4150 (tilstades på førestillingane)

«Kulturane» som var med i haust:

Hordaland: Trond Magnum frå Abrakadabra Teateret og Klovnen Knut (Knut Berntsen)
Sogn og Fjordane: Kristine Haugland: Bokbåten Epos 50 år : ei jubileumsframsyning
Møre og Romsdal: Torunn Tusj og Trygve Ramnefjell.

Bokbåten Epos: Utsikt
Utsikt fra Reksteren mot aust

En kommentar om “Nominert til Årets bibliotek: – Bibliotek på rett kjøl

Det er stengt for kommentarer.