Lom folkebibliotek er Årets bibliotek 2012: – To pilarar – litteraturen og lånarane

Vesle Lom folkebibliotek i Nord-Gudbrandsdal hadde i år to verkeleg gode utfordrarar i Realfagsbiblioteket ved Universitetet i Oslo og bok- og kulturbussen i Sør-Troms, i tillegg til dei fjorten andre som var føreslegne. Det var mykje på grunn av kreativiteten dei utviser at Lom blei Årets bibliotek.

Tekst: Anders Ericson

Dette la også jurymedlem og stortingsrepresentant Olemic Thommesen vekt på då han overrekte prisen under arrangementet i Det Norske Teatret i Oslo 10. januar. Han vedgjekk at biblioteka og lesinga har fått sterk konkurranse i vår tid, men viste til korleis biblioteket i Lom vågar å prøve og feile: – Derfor er denne prisen viktig, den belønner nysgjerrigheten og sultenheten, sa han.

Noko anna juryen trekte fram, var innsatsen når det gjeld formidling av litteraturen. Lom er på topp i Oppland fylke når det gjeld utlån, men det er ikkje dette dei først og fremst er opptekne av: – Vi prioriterer ikkje bestselgjarlistene og det som dominerer i utstillingsglasa, sa biblioteksjef Rita Mundal i takketalen.

Det var ein stolt, men audmjuk vinnar som takka for prisen. Det er vanleg ved slike høve å takke ein handfull av dei nærmaste, men Mundal gav like mykje ros til lånarane og brukarane av biblioteket. – Eg er nesten rørt når eg skal prate om dei, dei gjev oss så mykje; frå gutar som takk vere bibliotekbøkene blir djupt interesserte i det ytre verdsrommet, til den gamle dama som full av angst likevel melde seg på datakurs hos oss, men som no kjem nesten kvar dag og surfar på nettet og legg dristige reiseplanar. Slikt skjer på biblioteka i heile landet kvar dag, men det kjem aldri fram i statistikkane.

– Vi har to pilarar, la ho til, i tillegg til lånarane er det forfattarane og litteraturen. Det er mellom desse vi forsøkjer å byggje bruer.

Ho trekte også fram kor viktig det er for biblioteka å vere synlege. Trass i at dei er små, er Lom folkebibliotek eit ganske synleg bibliotek, faktisk rundt i heile landet. Det skuldast den ganske spesielle bloggen dei skriv, 3 vise kvinners blogg. – Denne starta som ein vanleg blogg med bokomtalar, fortel barne- og ungdomsbibliotekar Merete Byrøygard oss. – Men då vi ved eit høve gjekk litt tomme for gode bøker, blei det til at vi skreiv litt om oss sjølve og livet i biblioteket. Dette fenga lesarane, og no får dei kommentarar på artiklane sine frå heile landet, blant anna frå andre bibliotektilsette. Derfor kunne sjefen hennar også takke fansen i talen sin. Fans på denne måten er det ganske uvanleg for eit bibliotek å kunne halde seg med.

Fleire har meint at dette er ein pris til dei ”tre vise kvinnene” ved biblioteket, i den grad at utan dei ville det berre vore eit av mange bygdebibliotek. Men Rita Mundal var klår på at kommunen har del i æra. Dei sørgja for gode lokale i den gamle prestegarden i 2000, og sjølv om ressursane ikkje er spesielt store, har dei gjeve dei tilsette svært fritt spelerom.

Rundt 70 menneske var til stades denne formiddagen, der Norsk Bibliotekforening også lanserte starten på det hundreårs jubileumsåret sitt.