Lom folkebibliotek nominert til Årets bibliotek: Litteraturformidling av tredje grad!

Biblioteket i Lom er nærmast naturstridig. Det skal ikkje vere muleg å få til så mykje kreativt i eit bibliotek med drygt to stillingar, i ei bygd med to tusen innbyggjarar, midt i fjellheimen. Så om Lom vinn prisen, går han først og fremst til dei entusiastiske og vise kvinnene som har drive fram dette biblioteket gjennom det siste tiåret.

Tekst og foto: Anders Ericson

Det er noko heilt spesielt kvart år i desember å dra på desse reportasjeturane til dei Årets-bibliotek-nominerte. Rett nok held det ofte med ein trikketur gjennom hovudstaden eller ein svipptur til ein by med flyplass, men ein gong imellom krev det lange tog- eller bussreiser inn i tussmørke snølandskap. Som i år, til biblioteket i Lom, på Noregs topp, like under Galdhøpiggen og Glittertind.

Klokka ni denne morgonen i midten av desember, mens dagslyset enno treng ein halvtime på seg, blir det ei eiga stemning her, ei blanding av kristen mellomaldermystikk (Lom stavkyrkje var katolsk i over tre hundre år, må vite) og eit meir heidensk Blåfjell.Ekstra bonus er det siste stykket gjennom Ottadalen, der kvart gardstun og bygdesentrum ser ut som Maihaugen eller Folkemuseet. I kommunesenteret Fossbergom i Lom dreg eit par feite forretningsbygg i tyrolerstil ned inntrykket litt, men fasadane er neonfrie, og der det er muleg er butikknamna på norsk – på nynorsk.

Modernisert

Biblioteket er nabo til kyrkja og ligg i den oppattbygde prestegarden etter brannen i 1936, eit av dei mange svarte tjørebreidde trehusa i bygda. Biblioteket disponerer heile første høgda, og med ambisjonar om å okkupere også den andre (meir om det nedanfor). Det var barneskule her i mange år, fram til biblioteket overtok i 2001. Rominndelinga ser ut til å vere den opphavlege, og «sjela» er intakt, samtidig som dei har funksjonalisert og modernisert der det trengtest.

Så også innhaldet og tenestene. Det er her dei vise kvinnene kjem inn. Opphavleg var dei tre vise kvinner, slik dei står fram i namnet på den spesielle bloggen deira. Men den eine har vore sjukmeldt ei tid, så i dag er dei «tre vise kvinner ved tvæ tå døm». Både biblioteksjefen, Rita Mundal, og barne- og ungdomsbibliotekar Merete Byrøygard er til stades. Begge kjem frå kommunen, oppvaksne i grenda Garmo. Dette radarparet har vore skulevenninner, lærarstudentar og lærarar, og er no saman i biblioteket. Rita har ikkje berre tatt bibliotekarutdanning i tillegg, men også eit masteremne i litteraturformidling (sjå artikkelen hennar i Bok og bibliotek: Den utfordrande formidlingssamtala. Dette har ho også halde fleire føredrag om).

Litteraturformidling

Norsk Bibliotekforening sin jury legg i grunngjevinga si særleg vekt på prosjekta og tiltaka som Lom folkebibliotek har gjennomført på feltet litteraturformidling. Vi kan ikkje ta føre oss alt her, men tar utgangspunkt i det som er mest kjent og tilgjengeleg for andre enn lokalbefolkninga, nemleg bloggen 3 vise kvinners blogg (der dei same ettermiddag skriv, i sin spesielle stil, om Bibliotekforum sitt besøk. Vi skulle sjølvsagt ha skjønt det).

Denne bloggen har heilt nyleg vore gjenstand for grundig analyse av Karianne Aam i nummer 6 av Bok og bibliotek. Aam skriv om kor spesiell bloggen er, blant alle bibliotekbloggar. Mens dei fleste berre pushar nye bøker, utvidar dei vise i Lom blogginga til det indre livet i biblioteket:

”Når bibliotekarene fra Lom blogger på en måte som gjør at vi får ta del i deres hverdag, både hjemme og i biblioteket og når vi får lov til å se hva de tenker og opplever i forhold til denne hverdagen – da mister vi også forestillingen om bibliotekarene som eiere av bibliotekets innhold. De 3 vise og deres formål om å spre biblioteket sitt på nett på den måten de har valgt å gjøre det, er med å bryte opp en forestilling om hva biblioteket kan være – og hvem de kan være det for”.

Stilen deira er både personleg, direkte og sjølvironisk, ofte på grensa til rein gonzo-journalistikk. Det blir langtfrå platt som i dei fleste personlege bloggar. Rita og Merete avslører tankekraft og ikkje minst god språkleg teft. Eit lite døme på dette er korleis Merete, etter nyheita om nomineringa, stadfester dei store ambisjonane til biblioteksjef Rita:

”Allereie i ung alder låg tenkjeskrukkane i djupe furer mellom bryna på sjefen, så eg burde skjønt det. Kanskje burde eg styrt unna. Eg prisar meg lykkeleg over at eg ikkje gjorde det!”

– Vi trur denne forma gjer det meir spanande, seier Rita. – Vi er jo på fornamn med og tar ein prat med dei fleste som kjem på biblioteket, og på denne måten kan vi nå mange fleire ved hjelp av nettet. Vi får mange kommentarar på nettet også frå folk heilt andre stader i landet, særleg på Facebooksida som er knytt til bloggen.

Ikkje cupcakes

– De er personlege, men dette blir likevel ingen rosablogg?

– Nei, det blir ikkje mykje cupcakes her, flirer Rita.

– Det er viktig å møte lånarane der dei er, legg Merete til. – Men samtidig er vi mindre opptatte av bestseljarane enn dei fleste. Når vi snakkar og skriv om bøker forsøker vi å få fram det mest verdefulle av det som ikkje får nokon særleg plass i avisene og bokhandlane. Vi bruker ikkje mykje tid på Cecilia Samartin, for å seie det slik.

– Vi tykkjer biblioteka har ei særs viktig rolle med å formidle den mindre kjende kvalitetslitteraturen, også den vi får gjennom innkjøpsordninga, seier Rita. – Vi skal gje innbyggjarane kjennskap til litteratur som kan utvide horisontane og gjera liva rikare. I den digitale tidsalderen meiner vi biblioteka har ei viktig rolle her. Som Vinmonopolet for å anbefale kvalitetsvin. Du skal kunne forvente å møte kvalitet i rettleiinga begge plassar.

– Men de må då lese mykje? De må då jobbe mykje meir enn vanleg arbeidstid?

Dei svarer ikkje positivt på dette utan vidare. Men Merete vedgår at ho les mykje på fritida før ho skal i gang med dei årlege rundt tjuefem bokforedraga for skoleungane (dei er jo kombinasjonsbibliotek også, sjølvsagt, for den vidaregåande skulen som ligg vegg i vegg).

– Men å jobbe i bibliotek er ein livsstil, seier ho. – Du har det med deg støtt. Eg les nesten aldri bøker berre for min eigen del. Og når eg les ei bokmelding i ei avis, tenkjer eg alltid på korleis vi kan bruke boka i biblioteket. Vi kjenner alle lånarane, og vi melder ofte frå når vi har noko nytt som vi veit vil interessere den eine og den andre.

– Når vi snakkar om formidlinga som skjer i biblioteka, så blir det berre så tydelig kva som blir borte i det som Meisingset skreiv i kronikken sin i haust, seier Rita. – Å få folk til lese godt og variert, og å få opp lese- og skriveevna til ungane, det kjem ikkje av seg sjølv. Barne- og ungdomsbibliotekaren er veldig sentral i lesestimuleringsarbeidet i bygda. Vi får faste bibliotekbesøk av alle klassane på barne- og ungdomsskulen og gjev bokpresentasjonar til alle i løpet av skuleåret. Her har det mykje å seie at vi i samarbeid med grunnskulane har fått utarbeidd ein leseplan, og mange lærarar er veldig medvitne på lesing. Lom har drive systematisk formidling av bøker for barn og unge sidan 2001 og elevane har gjort det bra på nasjonale prøver i lesing dei siste åra.

Biblioteksjefen blir strammare no:

– Samanhengen mellom aktiv formidling, tilgang på bøker og resultat på lesetestar er ei spanande kopling som vert lite vektlagt i media. Eg ynskjer prøveordningar rundt omkring i landet der dette blir testa ut. Om vi i staden for å byggje ned, satsa meir på bibliotek og formidling og tilsette ein barne- og ungdomsbibliotekar i kvar kommune, er eg overtydd om at ein ville sett ei tydeleg auke i leselyst og leseevne blant norske barn. Bøker er i hard konkurranse med nettet og andre medium på ein heilt annan måte enn før. Barn treng å motiverast for lesing, og bøker treng formidling. Kven er betre rusta til dette enn bibliotekarar?

Diktarhus og Diktarveg

Dette med å møte den vanlege lånaren der ho og han er, har noko til felles med den utfordringa dei vil møte i eit anna prosjekt, nemleg Diktarhuset. I samarbeid med blant anna Nynorsk kultursenter har dei kome eit stykkje på veg med planane om å bruke andre høgda i prestegarden til eit litteratursenter for regionen. Men dette må heller ikkje bli for akademisk og høgverdig, understrekar dei to vise.

– Vi snakkar om fleire typar innhald, fortel Rita. – Det er høgaktuelt med ei skrivestugu her, med andre ord arbeidsplassar for forfattarar og forskarar, for folk som er ute etter stader der dei kan arbeide i fred. Og så er Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum i Volda positiv til ideen om Lom som eit senter for nynorsk på Austlandet, og som ein avleggjar av Olav H. Hauge-senteret. Så treng administrasjonen for festivalen Diktardagane ein stad å vere. Samtidig har vi planane om Diktarvegen, avsluttar ho og dreg pusten.

Lom må vere bygda med den største diktarstove-tettleiken i verda. Både Dublin og Paris har altfor mange ikkje-diktarar blant innbyggjarane, så dei når nok Lom berre til knes. Og i Lom har dei entusiastiske forfattarselskapa syta for små musé i dei husa der store diktarar anten er fødde og/eller har budd i periodar. Vi snakkar om Hamsun-stugu, plassen etter Tor Jonsson og garden etter Olav Aukrust. Og hit flytta Vera Henriksen i dei mest aktive åra sine som forfattar. No planlegg gode kreftar, medrekna biblioteket, eit tilbod om rundturar med minibuss til desse plassane, med guiding, føredrag og matpause av beste kvalitet.

Digitalisering av fjelldikt

Og i tilknyting til dette har biblioteket endå ein nettstad i full drift: Ord om fjell – ei digital fjellvandring. Dette er noko alle biblioteka i det fjellrike Nord-Oppland samarbeider om. Eit heilt lite digitaliseringsprosjekt, men på eit kvalitetsmessig høgare nivå enn Bokhylla.no.

– Kvar veke tastar vi inn og legg ut eit nytt dikt der fjellet er tema, seier Rita. – Fleire av diktarane er nolevande, så her får vi røynsler med kontraktskriving og forhandling om bruk av åndsverk. Vi må ofte spore opp både forfattarar og etterkomarar og be dei om lov. Ein gong fann vi omsider fram til ei over nitti år gamal kvinne på ein aldersheim i Oslo, som sat på rettane til ein forfattar. Men det er sjeldan noko problem å få positiv tilsegn.

– I tillegg til dei skrivne dikta får vi dikta lese inn, legg Merete til. – For å få det til å gå rundt bruker vi gjerne gode amatørar eller bibliotekarane sjølve. Det bør ofte vere folk frå den aktuelle diktaren sin heimstad eller som kan dialekten.

Denne tenesta sorterer i sin tur under omgrepet og portalen Nasjonalparkbiblioteket. Dette er den nordlege avdelinga av ”Det sømløse bibliotek Oppland”, der alle kan søkje og tinge bøker frå alle biblioteka i fylket.

Dei framande

Men no har biblioteket også famna det globale. Lom folkebibliotek representerer Noreg i det nye store EU-prosjektet The Stranger. Målet med dette er  å redusere framandfrykt og betre inkludering for etniske minoritetar. I prosjektet skal vi prøve ut storytelling som metode og utvikle  biblioteket som  møteplass og inkluderingsarena. Oppland fylkesbibliotek tok initiativ til prosjektet, og Noreg deltek saman med Tyrkia, Storbritannia og Italia.

Teikneseriar driv dei også aktivt med. Her, som på fleire andre felt, søkjer biblioteket kontakt med kapasitetar i lokalsamfunnet. Ein snikkar som bruker biblioteket ofte, viste seg å vere ein stor entusiast på teikneseriar, og no hyrer dei han inn for å halde foredrag om sjangeren for store og små.

Haldninga

Alt heng liksom saman med alt for dei vise kvinnene på Lom folkebibliotek. Dei er prinsippfaste når det gjeld tradisjon og kvalitet, samtidig som dei er føregangsfolk på det moderne, som blogging, twitring og bruk av Facebook. Dei har god støtte i fylkesbiblioteket, som verkeleg er fokusert på dei mange små biblioteka i fylket. Men dei er heilt nede i Gjøvik; i ei anna verd, verker det som herfrå. Så etter to intense morgontimar på bakrommet deira er vi overtydde om at det meste av det dei har oppnådd er deira eiga forteneste. Det er haldninga til yrket og til brukarane som må vere nøkkelen, og her har mange noko å lære av dei vise på Lom.

PS: Dette kan lett bli ståande som skamros, men då skulle lesarane sett kva han eine skreiv som foreslo Lom folkebibliotek til Årets bibliotek (dei var fleire). Men dette er, heldigvis, både altfor omfattande å sitere og unntatt offentlegheita.