Positive budsjettlekkasjar, men kjem ”bibliotekløftet”?

Fengselsbiblioteka får endå tre millionar og lovnad om tilbod i alle fengsla i landet. Innkjøpsordninga for sakprosa blir auka med tjue titlar pr år. NBF-leiar Anne Hustad håpar det er ein trend, men er utrygg på det store ”bibliotekløftet” Giske snakka om for eit år sidan

Tekst og foto: Anders Ericson

Denne veka har både kultur- og justisministeren ”lekt” om bibliotekpåplussingar på statsbudsjettet, som i sin heilskap blir offentleg tysdag. Mest spandabel har Knut Storberget vore, som til Dagbladet 1. oktober seier at regjeringa går inn for å auke tilskottet til bibliotektenesta i norske fengsel med tre millionar kroner. Dermed får fengselsbiblioteka 17,5 millionar i 2009: ”I 2006 brukte vi mye penger på å oppgradere bibliotekene, nå ønsker vi å utvide tilbudet til alle fengslene i landet”, seier Storberget.

I Aftenposten 29. september auka Giske talet på sakprosatitlar frå 50 til 70, noko som rett nok ikkje er særleg kostbart for han ifølgje Ingunn Økland i same avis.

Anne Hustad, leiar av Norsk Bibliotekforening, er nøgd med det ho høyrer: – Vi er veldig glade for den given som vil kome i fengsla, noko vi har jobba og lobba for i mange år, blant anna saman med ABM-utvikling. No kan ein starte med å tilsetje bibliotekarar i fengsla igjen i eit omfang som monnar. Vi veit at dei innsette er endå meir aktive bibliotekbrukarar enn folk flest og at slike tilbod i fengsla har mykje å seie for at folk kjem seg ut av kriminalitet. Eit særskilt poeng for gode boksamlingar i fengsel, er den avgrensa tilgangen til Internett for dei innsette.

– Aukinga for sakprosaen er mykje mindre enn ”sakprosalobbyen” ønska, der det har vore snakk om 150 titlar. Kva synst du om dette?

– Eg trur det er passe. 100 eller 150 ville vere for drastisk no. Då tenkjer eg både på kapasiteten i mange bibliotek og på kvaliteten. Er standarden på den relevante sakprosaen høg nok?

– Kva trur du om ”bibliotekløftet” som Giske varsla i fjorårets pressekonferanse for kulturbudsjettet? Då meinte han bibliotekmeldinga måtte diskuterast før ein kunne gjere strukturelle budsjettgrep. Men no er enno ikkje bibliotekmeldinga på bordet.

– Vi får sjå. Det kan jo hende departementet forskoterer enkelte ting. Ikkje alt treng like grundig handsaming. Eg tenkjer også på det lenge lova nasjonale skolebibliotekprogrammet, som rett nok høyrer til i Kunnskapsdepartementet.