Førde best på teaterutstilling

Førde bibliotek vann Riksteatret og Norsk Bibliotekforening sin konkurranse om den beste bibliotekutstillinga knytt til to av turneane til teatret tidlegare i år. Førde valde oppsetjinga ”Min forestilling om mor” som er bygd på boka ”Fange i Ravensbrück” av Lise Børsum

Tekst og foto: Anders Ericson

Boka handlar om opplevingane hennar i konsentrasjonsleiren. Med utgangspunkt i boka og framsyninga, ein monolog skriven og framført av dottera, skodespelar Bente Børsum, valde biblioteket å lage ei utstilling med tittelen ”Kvinner i krig”. Dei skreiv nokre korte tekstar og stilte ut bøker. I tillegg brukte dei sitat frå boka ”De overlevende” av Mari Jonassen. For å unngå at utstillinga blei for mørk og dyster, valde dei også å presentere ulike symbol på norsk motstand, som til dømes raud

Kvinner i krig4
 Frå utstillinga «Kvinner i krig» på Førde bibliotek

nissehue, blomster i knappholet, kam i lomma, binders og monogrammet H7. Bøkene dei stilte ut handla om kvinner som hadde opplevd krigen på nært hald, til dømes kvardagslivet under krigen, motstandsarbeid eller livet i konsentrasjonsleirar. – Utlånet av bøkene var bra, så det verkar som utstillinga appellerte til lånarane våre, melder biblioteket.

Prisen, 15 000 kroner til utstillingsutstyr, blei overrekt i biblioteket av riksteatersjefen sjølv, Ellen Horn, som blant anna meinte at ”biblioteket er … ein rekrutteringsbase til kulturlivet generelt” og viste til at hennar eiga interesse for teater blei vekt av biblioteket i heimbyen Tønsberg.

– Vi er spesielt nøgde med prisen ut frå dei små ressursane vi har hatt til rådvelde, seier biblioteksjef Marie Dombestein til NBF-veven. – Derfor er pengane til utstillingsutstyr særs velkomne.

Til lokalavisa Firda var bibliotekssjefen tydeleg på at målet for utstillingane i Førde bibliotek er ”å utvide kunnskapane og interessefelta til publikum”. Bibliotekarane Torunn Rygg og Guri Aalhus stod for utforming av utstillinga.

kvinner i krig2
Folkelege norske symbol for motstand mot
den tyske okkupasjonen 1940-45