Vegbiblioteket på Høydalsmo – folkeopplysinga på opptur?

Midtvegs i bakkane mellom Drammen og Haugesund på E-134 ligg Høydalsmo Vegkro med over hundre trailerstopp kvar dag. Frå i går er tilbodet om kaffi og kjøtkaker utvida til assortert helsekost, pluss bibliotek, trimrom og eigen tv-salong for yrkessjåførane

Tekst og foto: Anders Ericson   

Så snøgt har vel aldri eit bibliotek stått ferdig etter at det var påtenkt; berre fire månader tok det. For alle tenkjelege gode kreftar har støtta opp etter at Bjørn Tore Aarsvold, forbundsstyremedlem i Norsk Transportarbeiderforbund, fekk vite om vegbibliotek for trailersjåførar i Sverige og gjekk ut med forslag om noko liknande her i landet. Krovert Thorleif Grimstvedt på Høydalsmo var ikkje vanskeleg å be. Og i går var det opning av tilbygget, med representantar til stades for to statlege kontor, både for kultur og helse, med fagforbund så vel som arbeidsgjevarar, idrettslinja på høgskolen på Bø samt ordførar i Tokke og varaordførar i fylket. For ikkje å forgløyme næringslivet representert ved ein frukt- og grønsaksgrossist på fire bokstavar. Det blei eit fleire timar langt arrangement, med fire sjangrar musikk med Knut Buen i spissen, det var transportarkeologisk foredrag, ei uoverskodeleg mengde talar og fersk torsk direkte tilkøyrt over Haukeli.

ABM-utvikling har gjeve pengar til oppstarten, og informasjonsdirektør Lars Egeland fekk æra av å klippe snora mens snøføyka stod av vogntog som rasa forbi. Nokre var parkert også, men dei meinige sjåførane kom i andre rekkja denne dagen. Dei får sitt etter kvart, blant anna eit rom på 15-20 kvadrat med eit slett ikkje verst utval av lydbøker på cd, tidsskrift og vanlege bøker. Og fleire bøker og cd-ar kom til i løpet av gåveoverrekkinga. Den Norske Forleggerforening donerte til dømes lydbøker for tjuefem tusen. Biblioteket i Tokke, nærmare bestemt filialen på Høydalsmo, er garantist for kvaliteten og kontinuiteten på tenesta. Dermed blir det også tilbod om depot med større utval enn dei faste samlingane.

Men dette er berre starten; alt i neste veke skal Transportarbeiderforbundet på møte med kulturministeren for å sikre statleg støtte til eit riksdekkjande tilbod av denne typen. No vil ikkje det bety slike bibliotek på kvar vegkro i landet. Det er på dei lange strekningane det trengst mest, så 6-8 stader vil vere nok. Men det må vere stader med stor trafikk og gode parkeringstilhøve og god mat, med andre ord på dei mest populære truckstoppa. Men med eit slikt nettverk må det også bli kurrant å levere inn bøkene på eit anna vegbibliotek enn der dei lånte.

Forbundssekretær Geir Kvam i Transport meinte i talen sin at dei medieskapte stigmatiserande mytane om langtransportsjåføren no står for fall. Han – eller ho – er ikkje den 40-50 år gamle helselause gubben med fleksibel rygg, elendige matvanar og andelege interesser under pari. Blant anna vil sjåførane etterspørje språkkurs, cd-kurs med fagopplæring som snart blir obligatorisk i EØS, og mykje anna.

Det var ein ettermiddag med ein eim av fordoms folkeopplysing, av trygg trafikk, helse i kvar dråpe og inkluderande arbeidsliv. Bibliotekrepresentantane var meir jordnære, for dei var dette ei naturleg forlenging av det dei alltid har drive med. Fylkesbiblioteksjefen i Telemark Lillian Nilssen var til dømes ein pioner på arbeidsplassbibliotek på 1980-talet, men tok i gratulasjonstalen sin vegbiblioteket på Høydalsmo som eit teikn på at tida nok er moden for eit oppsving også utanom vegkroane.

Sjå også følgjande artiklar i Bibliotekforum, Norsk Bibliotekforening sitt tidsskrift: