KKD forsvarer bibliotekvederlaget

Kravet om fjerning av bibliotekvederlaget fordi det skulle favorisere nordmenn er irrelevant, seier Kulturdepartementet i svaret sitt til EFTA sitt overvakingsorgan ESA. Dette dreier seg ikkje om utbetalingar ifølgje individuelle åndsverkrettar, men kultur- og språkpolitikk, slår dei fast. NBF er einig på alle punkt

Tekst: Anders Ericson   

NBF-veven tok opp dette 6. september i år, etter at brevet frå ESA til den norske regjeringa var blitt kjent. Kulturministeren var då relativt trygg på at dette ville gå bra, samtidig som han til NRK sa at han berre hadde to val dersom det skulle gå så gale; anten å utvide ordninga til å gjelde utanlandske forfattarar – men det er ikkje noko val, for det vil sprengje alle budsjett – eller å revurdere gratisprinsippet og få inn pengar den vegen.

Giske er framleis ganske overtydd om at han har rett. Departementet sendte 31. oktober eit formelt svar (pdf). Her meiner KKD at ESAs krav ikke er relevant for den norske vederlagsordninga då ho ikkje omfattar utbetalingar ifølgje individuelle åndsverkrettar. Departementet viser videre til at ein tidligare gjennomgang av den danske vederlagsordninga, der dansk språk og ikke forfattaren sin nasjonalitet er eit kriterium, passerte ESAs nålauge. Så kvifor ikkje det norske? At vi har to jamstilte norske skriftspråk brukast også som eit argument. Videre at norsk er et lite språk under stort press frå det engelske, og at marknaden er liten for norske bøker utafor Noreg. Opphavsrett er ikkje nok til å halde i gang den norske litteraturen.

KKD understreker at den norske vederlagsordninga går til fond der kunstnarane kan søke stipend. Ordninga vår er kultur- og språkpolitisk, og har inga juridisk tilknyting til opphavsrett. Dette er ikkje noko spesielt for Noreg heller, andre har liknande ordningar.

NBF-veven har i dag snakka med NBF-leiar Anne Hustad, som kan stadfeste kontakt med departementet i denne saka:

– Vi har snakka med Kulturdepartementet om dette, og vi er heilt på linje med dei når det gjeld innhaldet i svaret til ESA. Vi tok også opp denne saka på eit møte med dei andre nordiske bibliotekforeiningane for nokre veker sidan, og det viser seg at regjeringane deira har fått tilsvarande brev. Dei var heller ikkje spesielt urolege. Vi blei tilrådd å leggje saka på is inntil vidare.

Men eg merka meg at Giske då han i går presenterte forslaget sitt til kulturlov, brukte bibliotekvederlaget som døme på ei ordning som kan trengje vern i grunnlova mot press frå omverda, avsluttar Hustad.