– Ikkje redd for debatten om konsolideringa

På det årlege Kontaktmøtet på Klækken før helga fekk NBF-leiinga mange eintydig positive signal med seg til arbeidet med høyringssvar til Bibliotekreform 2014. Utfordringa blir å overtyde politikarane om at dette blir ei satsings- og ikkje ei innsparingsreform. Men staten må godta fleire samarbeidsmodellar enn denne eine, meinte mange

Tekst og foto: Anders Ericson   

Om lag 60 tillitsvalde og representantar for lokallag, spesialgrupper, hovudstyre og sekretariat kom saman på Klækken på Ringerike til det årlege Kontaktmøtet. Hovudsaka på dagsorden var ABM-utvikling si ferske bibliotekutgreiing, og det einaste folk ville snakke om i den samanhengen var forslaget om konsolidering; den organisatoriske, men ikkje fysiske samanslåinga av bibliotek i ein region, ifølgje ABM-utvikling. Meininga er å kunne samle og utnytte kompetansen betre, slik at særleg dei minste biblioteka og brukarane deira kan få betre tenester. At dette kan skje utan ytterlegare biblioteknedlegging, har vore sterkt trekt i tvil, til dømes i avisa Nationen.

Men fleire var klåre på at denne sjansen må vi ikkje la gå få oss. Då trengst det optimisme og initiativ, ikkje defensive haldningar. Ola Eiksund, leiar av NBF i Aust-Agder, var blant dei tydelegaste:

– Eg er ikkje redd for denne debatten. Men utfordringa vår er at vi er for dårlege på marknadsføring. Vi må koke bodskapen ned til ei god setning, noko om at Kunnskaps-Noreg vil gå fløyten utan bibliotek. Dette må vi få hjelp til.

          Bozena Rasmussen, leiar av SFP, Spesialgruppen for folkebibliotekpolitikk, slutta seg til dette, og meinte ein overordna visjon trengtest mot politikarane og omverda.

          Monica Deildok, gjest frå Bibliotekarforbundet, meinte også at vi har god tid til å vinne denne kampen.

– Dette er veldig bra, sa nestleiar Vidar Lund frå Sør-Varanger. – Om halvparten blir gjennomført vil det gje stor framgang i biblioteka.

– Denne utgreiinga har sett ord og tal på kva som trengst, sa Trond Minken, som sit i NBF sin valkomité. – Bodskapen må vere at vi skal ha færre sjefar, men ikkje færre einingar. Dette kan bli forstått av mange kommunepolitikarar.

          Rita Karlsen, biblioteksjef i Lurøy og representant for avdeling Nord-Norge, hadde i utgangspunktet vore skeptisk, men trudde no at noko slikt kunne bli akseptert, men i første omgang som eit prosjekt. Men ABM-utvikling sine minstekrav for eit konsolidert bibliotek var for firkanta, meinte ho. Den naturlege regionen hennar ville bli for liten.

Karlsen og fleire med henne sakna omtale av andre samarbeidsmodellar og -prosjekt i utgreiinga. Dette må NBF påpeike i høyringssvaret, var den klåre meldinga. NBF kjem elles til å lage ei kampanjeside der ein samlar slike gode døme, som eit supplement til utgreiinga.

NBF-leiar Anne Hustad oppsummerte med å takke for mange gode innspel. Ho var redd for at dette blir eit no eller aldri for biblioteka i Noreg. Og ho var nøgd med utgreiinga, som har med alle dei viktige elementa, også demokrati og ytringsfridom og at utlån skal vere fritt, sjølv om gratisprinsippet ikkje er ofra mykje plass. Og namnet Bibliotekreform er det same som på NBF sitt innspel (pdf-fil). Ho avslutta med å oppmode folk om også å bruke lokalpressa for å få debattane i gang og sikre grundige høyringssvar frå lokalpolitikarane.